Hopp til innhold

Vitne skal ha sett ein person gå ned med Stavanger-seglbåten «Wyvern»

Det svenske Sjöfartsverket avsluttar nå søket etter mannen som har vore sakna i fleire timar etter Stavanger-båten «Wyvern» gjekk ned i dag.

Sjöfartsverket sine bilete av Wyvern

Sjöfartsverket tok dette bilete av den norske seglbåten «Wyvern» før den gjekk under mellom Öland og Gotland i Sverige. Båten er med i regattaen Tall Ships' race, og det var på etappen mellom Aarhus og Helsinki den gjekk ned.

Foto: Sjöfartsverket

Wyvern

ARKIV: Her har hadde «Wyvern» nett vunne regattaetappen frå Lerwick til Stavanger under Tall Ships' race 2011.

Foto: Marianne Terjesen / NRK

Torsdag morgon klokka 09.37 melder det svenske Sjöfartsverket at Stavanger-båten «Wyvern» har gått ned mellom Öland og Gotland i Sverige. Heile mannskapet blei berga, men var sakna.

Personen er del av mannskapet i eit nederlandsk fartøy som heiter «Wylde Swan», som gjekk om bord i den norske båten saman med tre andre, for å prøva å berga den.

– «Wylde Swan» sende på eige ansvar over tre personar, i «Wyvern», som var tom for folk, men som tok inn vatn. Då den gjekk ned fekk me redda to av personane, men me søker nå etter den siste, sa Peter Hellberg i Sjöfartsverket, til NRK.no i ellevetida.

Klokka 12.36 melder Sjöfartsverket at søket er avslutta utan at den sakna er funnen. Det blei både søkt med båt og helikopter, men vitne har opplyst at dei såg mannen gå ned med «Wyvern». Dei går derfor ut frå at han har drukna.

Det er om lag 50 meter djupt i området, men på grunn av sterkt uvêr, ventar dei med å senda ned dykkarar.

– Høge bølgjer

– Det er hardt vêr med tre til fire meter høge bølgjer og kraftig nordvestleg vind, seier Hellberg om forholda.

Det var den svenske nettavisa helagotland.se, som i dag kunne melda om ein norsk seglbåt, som er med i regattaen Tall Ships' race, som var i naud.

Den norske seglbåten er Stavanger maritime museum sin 60-fots colin archer-skøyte «Wyvern» som blei bygd av tre i 1897. Den første meldinga om at båten tok inn vatn kom til Sjö och Flygräddningen klokka 05.21.

Det var eit mannskap på ti personar om bord i båten, dei blei alle berga med helikopteret «Lifeguard 907», medan den tok inn vatn.

Wyver gjekk ned

Wyver gjekk ned mellom Öland og Gotland i Sverige.

Foto: Google maps

Mannskapet har det bra

Helikopteret tok dei med til Kalmar på austkysten av Sverige. Fungerande direktør ved Stavanger maritime museum, Bitten Bakke, fortel at ho har vore i kontakt med kapteinen, og at mannskapet har det bra.

– Eg er veldig glad for at mannskapet er berga, og at dei ikkje følte at dette var ein dramatisk situasjon for seg sjølv og helsa deira, seier Bakke.

Ho seier at dei ikkje veit kvifor båten søkkte.

– Båten har vore i verre vêr enn dette. Og den var i svært god teknisk stand, så dei kan ikkje forstå kva som har skjedd.

Pumpa ut vatn

Tre personar gjekk om bord i båten og forsøkte å berga fartøyet. Dei hadde fått pumper om bord, så dei prøvde å pumpa ut vatn med.

Då båten likevel søkkte hamna to av dei tre i vatnet, medan den tredje er meldt sakna.

Fleire nærliggande handelsfartøy, som hadde tidlegare fått løyve til å reisa vidare, ifølgje loggen til Sjöfartsverket.

Sjöfartsverket sine bilete av Wyvern

Dei siste bileta av «Wyvern».

Foto: Sjöfartsverket

NRK.no kjem tilbake med meir ...