Hopp til innhold

– Det er ekstremt vanskeleg å stå fram

Om dagen jobbar han som handverkar, når han kjem heim til familien tar han på seg kvinneklede. Steg for steg kjem «Silja» ut av skåpet som transperson.

Silja er transperson på Jæren

TRANSPERSON: Først måtte han kjempa ein indre kamp i over 20 år, deretter måtte han informera kona, barna, skulen, vennar, naboar og kollegaer om at han er ein transperson som kjenner seg som kvinne. Sjølv om vegen er lang og hard meiner han at prisen er verdt å betala for å kunne vera den ho er.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg er ein transperson og kjenner meg som kvinne, seier «Silja» (36) like etter at me har tatt kvarandre i handa og helst.

Det er greitt å ha det avklart med ein gong. For det finst mange omgrep når det kjem til ein mann som kler seg som ei kvinne, kjenner seg som kvinne eller vil bli kvinne, og motsett. (Sjå faktaboks litt lengre nede)

Eg håper at transpersonar ein dag kan koma like langt som dei homofile er i dag. At me blir noko meir enn berre ein kuriositet i det opne rom.

«Silja» (36)

«Silja» har på seg mørke spisse sko med hæl, ei stram dongeribukse og ein svart topp med blondekant i halsen. Håret er naturleg langt og i hale. Rundt augo og på leppene kan ein sjå at ho har lagt på eit lite lag med sminke. Men bak kleda og sminkene skjuler det seg ein mann.

Har kone og barn

Me møtest i NRK Rogaland sine lokale på Ullandhaug i Stavanger. Det passar «Silja» fint at møtet ikkje skjer ute i offentlegheita sidan ho verken er spesielt komfortabel med media, og sidan det framleis er ganske nytt for ho å gå kledd som kvinne ute.

– Det var i puberteten eg forstod at eg ikkje var normal, men eg fortrengde kjensla og heldt fram som ingen ting. I over 20 år kjempa eg ein indre kamp, før eg torde å innrømma for meg sjølv at eg var transperson, fortel «Silja» etter at me har sett oss ned på kvar sin stol i eit tomt og heilt stille lydstudio.

– Korleis var denne kampen?

– Sjølv om eg hadde ein mannleg kropp kjende eg meg som jente. Men dette passa sjølvsagt ikkje saman, derfor ignorerte eg det og skauv problemet vekk. Eg jobba ekstremt mykje for å tenka på andre ting. Det gjorde at eg blei heilt utbrent, og kjenslene av å vera kvinne kom tilbake sterkare enn nokon gong.

Det er ikkje meir enn to år sidan ho innsåg at ho var ein transperson. Gutenamnet hennar vil ho ikkje ha på trykk, så me bruker «Sven».

Som mann kjenner eg uro, men når eg tar på meg kvinneklede kjem den inste ro over meg, og eg blir heil. Då stemmer biletet i spegelen med mitt indre bilete.

«Silja»

Då «Sven» fann ut at han var transperson var han 34 år og hadde kone og barn, han hadde nyleg kome til Norge frå Tyskland, hadde fått seg fast jobb som elektrikar og budde i eit hus på landsbygda på Nord-Jæren.

«Silja» rettar seg opp i ryggen. Trestolane me sit på er små og harde. Ho verkar som ei stolt og trygg kvinne, men ho har ein bodskap som står i kontrast.

– Å vera transperson i Norge i dag er ikkje ei solskinshistorie. Det er mange problem kvar dag, og det er ekstremt vanskeleg å stå fram, seier ho.

«Silja» på jobb

«Silja» jobbar som elektrikar i ei bedrift på Jæren. På den mannsdominerte arbeidsplassen bruker ho herreklede og blir snakka til som ein mann.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Meiner kunnskapsløyse er ei utfordring

At det er lett å tråkka feil når ein skal snakka om transpersonar, var noko den nye barne-, likestillings- og inkluderingsministeren, Solveig Horne (Frp), fekk erfara for snart fem veker sidan.

Like før ho blei vald inn på Stortinget, hadde ho nemleg uttalt til magasinet Blikk at «transpersoner må inn under pasientlovgivningen. Det er der de hører hjemme».

Dagbladet slo saka stort opp, som om dette var eit utsegn om at transpersonar må få hjelp frå helsevesenet til å bli normale igjen. Men det var ikkje det ho meinte, ho snakka om dei som vil skifta kjønn, noko dei fleste i transemiljøet forstod.

Likevel seier utsegna noko om det både «Silja» og leiaren for Foreininga for transpersonar i Norge (FTPN) meiner er den største utfordringa for transpersonar i dag; kunnskapsløyse.

Solveig Horne saman med leiaren i LLH, Bård Nylund

Her får den nye barne-, likestillings- og inkluderingsministeren, Solveig Horne (Frp), eit regnbogeflagg av leiaren for Landsforeininga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, Bård Nylund.

Foto: LLH

Thomas Gjestland

Thomas Gjestland er leiar for Foreininga for transpersonar i Norge (FTPN). Han kom sjølv ut av skåpet for to år sidan.

Foto: Malin Lassemo / NRK
– Ho sa transpersonar når ho burde sagt kjønnskorrigert, eller dei som vil bli det. Ein feil som ikkje er uvanleg. Ein transperson er eit samleomgrep som omfattar alle som er kjønnsoverskridande, seier Thomas Gjestland, som er leiar i FTPN.

Han legg til at foreininga hans tar avstand frå det han kallar «media si heksejakt mot Horne», og at dei tar ho imot med opne armar når ho seier at ho skal kjempa mot diskriminering av transpersonar.

Likevel presiserar han:

– Diskrimineringa mot transpersonar kjem ikkje først og fremst frå staten, men på det mellommenneskelege plan. Mykje på grunn at det er så lite kunnskap om oss.

Dette er noko «Silja» ofte har opplevd. Ho fortel om folk som ikkje vil forhalda seg til ho etter at dei har blitt kjent med at ho er transperson.

Redd dottera skal bli utstøytt

– Kan eg filma deg under intervjuet?

– Nei, det vil eg helst ikkje, svarer «Silja» bestemt. Ho vil heller ikkje at andletet hennar skal vera lett å kjenna att på bileta, forklarar ho.

– Kvifor?

– Eg har ei dotter på ni år som går på skulen. Eg vil ikkje at elevane på skulen skal kjenna meg att og gi ho fleire problem enn ho allereie har.

På andre sida vil ho at folk skal vera klar over at det finst transpersonar, også på Jæren. Ho håper at røysta hennar kan hjelpa andre med å stå fram for familie og vennar.

For etter å ha kjempa ein indre kamp i over 20 år, og til slutt erkjent at ho var transperson, måtte ho fortelja det til sin nærmaste familie.

Diskrimineringa mot transpersonar kjem ikkje først og fremst frå staten, men på det mellommenneskelege plan. Mykje på grunn at det er så lite kunnskap om oss.

Thomas Gjestland, leiar i FTPN

– Kona visste allereie om at eg av og til brukte kvinneundertøy for å kjenna meg vel. Dette hadde me saman funne informasjon om på internett, og det var noko ho kunne akseptera.

Men nå var det meir enn berre undertøy.

– At eg også måtte ha kvinneklede utanpå, og at eg kjende meg som ei kvinne inni, var verre for ho å akseptera. Me måtte ha lange samtalar med kvarandre, og me søkte mykje informasjon på nettet. Det er framleis veldig ferskt for henne, men ho blir gradvis meir vand med det.

– Forstår du at det er vanskeleg for ho?

– Ja, det forstår eg veldig godt. Ho måtte finna seg til rette i den nye situasjonen, og ho var sjølvsagt redd for korleis andre skulle reagera. Familie, vennar og ukjende personar.

– Kvifor er det så viktig for deg å gå med kvinneklede?

– For det er først då eg kjenner meg god. Det er meir riktig enn noko anna. Som mann kjenner eg uro, men når eg tar på meg kvinneklede kjem den inste ro over meg, og eg blir heil. Då stemmer biletet i spegelen med mitt indre bilete, seier ho.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «TP» i nytt vindu

– Dei kallar meg pappa

«Sven» har to barn saman med kona si. Dottera er ni år og sonen er sju. Det var heilt klart at dei måtte introduserast for «Silja», dersom «Sven» skulle få leva ut behovet sitt for å vera ei kvinne i heimen.

Saman har han og kona hatt mange samtalar med dei to barna om korleis pappa kjenner seg.

– For dottera mi var det ekstremt vanskeleg. Ho hadde nesten angst for å bli utstøytt frå venegjengen. Sonen min på sju forstår det nok framleis ikkje heilt, og han har ingen problem med at pappa kler seg som kvinne, fortel «Silja».

I starten gjekk ho berre kledd som kvinne av og til i heimen, men etter kvart blei det meir og meir. Og i sommarferien i år nytta ho høvet til å vera «Silja» ei heil veke i strekk saman med familien. Noko ho ser på som ei positiv og nødvendig veke for at alle skulle bli meir trygge på situasjonen.

– Då kunne dei sjå at det ikkje skjedde noko anna med meg enn at eg skifta utsjåande. Dette gjorde at eg sjølv også blei meir trygg på situasjonen. Også dottera mi såg at eg framleis var den same. Ho bestemte seg for å fortelja om meg til ein ven. Venen reagerte ikkje negativt, noko som har ført til at ho også er meir trygg i situasjonen nå.

Ho legg til at begge barna nå byrjar å forstå at pappaen vil vera kvinne og kva det fører med seg, men at det er ein prosess dei må gjennom.

– Kva kallar dei deg?

– Begge kallar meg pappa. Det sit framleis for langt inne for dei å kalla meg «Silja», men eg håper det kjem etter kvart.

I lommane har ho elektrikarverktøy

«Silja» frykta for jobben sin som elektrikar då ho stod fram.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fleire måtte få vita

For om lag eitt år sidan «Silja» fann ut at det ikkje var nok å berre vera kvinne i heimen. Ho ville også kunne gå ut, utan at det ville vekka stor oppsikt. Derfor måtte ho informera fleire om seg sjølv.

Ein venefamilie dei har, stod øvst på lista, men dei kom ho i forkjøpet.

– Dei kom tilfeldigvis innom ein gong eg jobba heime. Då såg dei at eg hadde kvinneklede og eg kunne ikkje anna enn å seia at eg er transperson. Dei aksepterte det, men mannen har hatt litt vanskar med det.

«Silja» kunne nå av og til reisa ut. Først utan kona, men etter kvart blei også ho med.

– Me reiste til Stavanger der ein forsvinn litt i mengda. Kona mi synst det var lite komfortabelt og var redd for korleis folk skulle sjå på oss. Sjølv om alle kvinnene kan sjå det på meg er det få menn som merkar noko, fortel ho.

Ho seier at kona framleis ikkje er heilt komfortabel med å bli med ut på rusleturar eller kafebesøk i byen.

I heimen har «Silja» etter kvart blitt heilt komfortabel med å vera seg sjølv, saman med familien og nære venar.

Men for at naboar ikkje skulle lura alt for mykje, dersom dei såg ho på terrassen, tok ho bukken med horna og informerte heile nabolaget. Ho opplevde at det var få reaksjon hos naboane, men har ei kjensle av at mange har vanskar med korleis dei skal takla ho.

Sa frå på foreldremøte

Men noko langt viktigare enn naboar stod att i prosessen med å koma ut som transperson.

«Silja» trekk pusten, og byrjar å fortelja om korleis ho tok kontakt med barneskulen der barna hennar går. For det verste som kunne skjedd, var at barna skulle måtte lida på grunn av henne.

Eg har naboar som snur eller går over på andre sida av gata når dei ser at eg kjem mot dei. Nokon ser berre ned, medan andre ikkje veit korleis dei skal reagera.

«Silja»

Først blei ho skuffa over måten skulen takla det på. Ho føler at dei ikkje ville bli konfrontert med utfordringa. At dei ikkje tok ho på alvor.

– Dei tenkte kanskje at dette ikkje var eit reelt problem. At transperson var noko eg berre var av og til.

Men etter kvart forstod leiinga på skulen likevel at dette var meir. Og «Silja» og kona fekk informera dei andre foreldra.

– Eg ville unngå at barna mine skulle bli mobba. Derfor informerte me alle foreldra på foreldremøte. Så kunne dei seia til sine barn at eg er mann, men kjenner meg som dame.

Dei prøvde å gi foreldra mest mogleg kunnskap om emnet, slik at dei kunne forstå betre og informera barna sine på ein mest mogleg korrekt måte.

I dag kjenner «Silja» seg trygg på at skulen vil reagere skikkeleg og informera ho dersom barna hennar blir plaga på grunn av den ho er. Dette er svært viktig for henne. For det er barna og familien ho held mest av, sjølv om prosessen ho nå går gjennom er for hennar eigen del.

Silja bruker leppestift, men overdriver ikkje

«Silja» bruker leppestift, men vil ikkje overdriva. Ho vil ikkje vera meir enn ei normal kvinne.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Var villig til å ofra jobben

Hola i øyra og det lange håret er dei tydelegaste tegna ein kan sjå frå «Silja» når «Sven» kjem gåande mot meg i arbeidsklede på ein byggeplass på Hinna i Stavanger.

Han er i gang med det elektriske arbeidet i eit nytt stort kontorbygg og har endeleg gått med på å møta meg når han ikkje er «Silja». Møtet må likevel skje utanfor bygget.

– Eg har ikkje klarert det med sjefane, og det er strenge tryggingskrav på ein arbeidsplass som dette. Derfor er det best å møta deg utanfor.

– Men ville det vore flaut dersom arbeidskollegaene dine visste at eg skulle snakka med deg om å vera transperson?

– Nei, det hadde gått fint. Men det er ikkje alle her som veit det. Prosjektleiinga veit det til dømes ikkje.

For «Sven» har allereie informert dei nærmaste på jobben.

– Det var svært viktig for meg med aksept på arbeidsplassen, men eg frykta at eg skulle mista jobben då eg avtalte eit møte med sjefen.

– Frykta du verkeleg for jobben?

– Ja, eg var livredd for korleis dei skulle reagera. Kvar gong ein skal fortelja det til nokon, opplever ein ekstrem angst.

Skil seg ikkje ut

– Men kva sa sjefen?

– Då eg sa det, virka han først litt sjokka, men han hjelpte meg vidare.

Sjefen kalla inn til eit møte med dei nærmaste kollegaene der også «Silja» var til stades.

– Då eg på møtet prøvde å forklara kva det vil sei å vera ein transperson, fekk eg aldri vita korleis dei oppfatta det. Ingen spurte meg, verken på møtet eller seinare på byggeplassen.

Resten av kollegaene fekk vita om det då han berre for nokre veker sidan troppa opp som kvinne på Sola flyplass, då firmaet arrangerte utanlandstur. Heile helga var han «Silja» saman med jobbkollegaene sine.

– Eg var svært spent, men eg trudde at det skulle gå bra. Det var nok vanskeleg for mange å forstå kvifor eg gjorde dette nå. Det var nok vanskeleg for dei å setja det heile i samanheng. Men eg fekk ingen spørsmål om det.

Sjølv om mange kjenner til at han er transperson, er bedrifta stor og samarbeidspartnarane mange. Derfor jobbar han som regel i eitt miljø der mange ikkje kjenner til at han er ein transperson.

Det er berre menn å sjå på arbeidsplassen på Hinna, og «Sven» skil seg ikkje ut. Han bruker dei same kleda som alle andre.

– Dette er først og fremst av praktiske grunnar, slår «Sven» fast.

– Men er det spesielt å jobba i eit mannsdominert miljø?

– Eigentleg ikkje. Eg kjenner meg like mykje kvinne som eg hadde gjort dersom eg hadde jobba på kontor, svarar han før han må inn att i det store bygget å syta for at lysbrytarar og sikringar fungerar når byggherren skal ta over bygget.

– Naboar går over på andre sida av gata

– Kan du setja deg på krakken framføre lyskastarane?

I det tomme lydstudioet går «Silja» bort og sett seg på krakken, som står plassert i motlys, slik at ikkje andletet hennar skal koma for godt fram på bileta.

Ho sit rak i ryggen og er uttrykkslaus medan ho blir fotografert. Etter fotograferinga går me gjennom bileta for å sjå kva som kan brukast.

Silja

Her er «Silja» slik ho er som kvinne. Ho vil ikkje visa fram andletet på grunn av familien.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Silja sine hender

Ho har eit håp om at det i framtida skal bli enklare å stå fram som transperson.

Foto: Mathias Oppedal / NRK
Silja frå Nord-Jæren

Det har vore ein lang veg å gå for og koma der ho er i dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ho er svært interessert og fortel at dette er første gong ho ser bilete av seg sjølv som kvinne.

Mykje er framleis nytt for «Silja», som gradvis står meir og meir fram som transperson. Og sjølv om alt så langt har gått bra, kallar ho det altså ekstremt vanskeleg.

– Kva er det som er så vanskeleg?

– Vanlege folk har vanskar med å akseptera meg. Dei er usikre når dei ser meg. Eg har naboar som snur eller går over på andre sida av gata når dei ser at eg kjem mot dei. Nokon ser berre ned, medan andre ikkje veit korleis dei skal reagera.

Eigentleg ønskjer ho ein reaksjon frå folk ho står i relasjon til på jobb, i nabolaget og på skulen.

Det er viktig for meg å sjå korleis dei har det i forhold til meg. Slik at eg kan utvikla meg vidare.

Ho vil bli møtt som eit vanleg menneske, sjølv om ho er ein mann i kvinneklede. Sjølv er ho overbevist om at dette er mykje meir vanleg enn det folk flest kanskje trur.

Kjenner berre tre transpersonar

Ifølgje ei offentleg utgreiing frå Helse og omsorgsdepartementet i fjor er om lag fem prosent av det norske folk homofile, bifile eller transpersonar. Foreininga for Transpersonar i Norge reknar med at heile ein til tre prosent i Norge er transpersonar, det vil seia mellom 50.000 og 150.000 personar.

Sjølv kjenner «Silja» berre tre transpersonar i Stavanger-regionen, og dei held det langt meir skjult enn ho sjølv. Ho meiner at Rogaland er eit ekstra vanskeleg fylke å vera transperson i.

– Me har ingen offisielle klubbar eller foreiningar i Stavanger, derfor er det ikkje lett å koma i kontakt med andre transpersonar. For meg verkar det også som om jobben er ein så stor del av livet til folk her at dei ikkje torer å skilja seg ut, sjølv om det kanskje kunne gitt dei betre livskvalitet.

– Skulle du ønska at de hadde ei lokalforeining?

– Ja, det er svært viktig å snakka saman når me ha problem. Eg kan læra av andre om korleis dei har løyst sine problem, og eg kan til dømes fortelja andre om korleis eg har løyst problematikken med barna mine.

For «Silja» har det vore ein kamp å koma dit ho er i dag. Ho er framleis ikkje heilt sikker på kor ho vil gå vidare som transperson, men ho vurderer kjønnsoperasjon, og har bede om samtalar med Rikshospitalet.

I år er det nøyaktig 50 år sidan den første kjønnsoperasjonen blei gjort på Rikshospitalet, og sidan har alle operasjonar i Norge skjedd på dette sjukehuset, som er pålagt eit offentleg ansvar for behandling av diagnosen transseksualisme.

Ein diagnose «Silja» først må få dersom ho skal korrigera kjønnet sitt. Då vil ho få nytt personnummer, og ho vil vera ei «offesiell» kvinne.

– Det er ikkje sikkert at det er det rette for meg og familien, men eg vil likevel snakka med fagkunnige om det. Eg vil heller ikkje satsa på å få operasjon dersom risikoen er alt for høg.

Vil vera meir enn ein kuriositet

Men først må «Silja» i alle fall koma heilt ut som transperson. Ho har allereie sett seg eit nytt mål.

– På det neste prosjektet me skal i gang med på jobben håper, eg at eg kan koma som «Silja».

Sidan ho er handverkar, vil det vera vanskeleg med typiske kvinneklede på arbeidsplassen, men ho vil at alle som jobbar på prosjektet skal vera klar over at ho er «Silja», også handverkarar frå andre firma.

– Det handler om å finna grensene. Kvar gong ein går utanfor så testar ein seg sjølv litt, seier ho.

Ho håper at denne testinga av grenser vil bana veg for dei som kjem etter.

– Eg håper at transpersonar ein dag kan koma like langt som dei homofile er i dag. At me blir noko meir enn berre ein kuriositet i det opne rom.

Leiaren i FTPN, Thomas Gjestland, er samd.

– Transpersonar er der dei homofile var for 20 til 30 år sidan, seier han.

Det er ikkje meir enn to år sidan Thomas også fortalde til kona og barna at han er transperson.

– Håpet mitt er at den skam som transpersonar i dag kjenner på, skal bli heilt borte. Sjølv opplever eg at det vanskelegaste er å koma ut, etterpå går det som regel betre. Sjølv om det sjølvsagt også er dei som slit i etterkant.

– Kven har ansvar for at transpersonar skal koma dit dei homofile i dag er?

– Alle og ein kvar. I tillegg har me som står fram som transpersonar, eit ansvar for å visa at det ikkje er farleg. Det offentlege og arbeidslivet må også visa at det er greitt at det også finst transpersonar, seier han.

«Silja» meiner at også media har eit ansvar, spesielt med å spreia kunnskap.

– Dei må ikkje berre visa dei lyse sidene ved å vera transperson. Det må også koma fram at mange av oss faktisk har det veldig vanskeleg til tider, seier ho.

Vil ikkje vera eit kvinneleg fyrtårn

«Silja» sit med hendene folda. Plutseleg kikkar ho på klokka.

Ho har snakka i nesten ein time nå og må koma seg heim igjen til familien. Ho skal i gang med heilt vanlege familieaktivitetar.

– Barna treng leksehjelp før dei skal legga seg, fortel ho.

Ho verkar som ei heilt normal kvinne der ho går nedover gangen, og ho fortel at ho heller ikkje ønsker å vera noko meir.

– Mange har eit bilete av at transpersonar overdriv det kvinnelege veldig, kanskje på grunn av dragqueens, men også på grunn av at det ofte er dei som overdriv, som kjem i media. Sjølv prøver eg ikkje å stå fram som eit kvinneleg fyrtårn, men vera ei mest mogleg normal dame.