Hopp til innhold

«Rekk statsministeren ein kjapp fødsel?»

Statsminister Erna Solberg (H) blei overraska med ein fødsel, på sin eigen fødselsdag, då ho besøkte stavangerbedrifta Laerdal Medical tysdag.

Erna Solberg overraska med fødsel.

VIDEO: Her simulerer Ingrid Lærdal ein fødsel for statsminister Erna Solberg ved hjelp av ein fødselssimulator.

– Dette kjem til å gå veldig raskt, er meldinga frå folka i Laerdal Medical etter at dei har invitert Erna Solberg til ein simulert fødsel i lokala sine i Stavanger.

– Det går sikkert kjappare enn med mine barn. Min første fødsel tok 16 timar, parerer statsministeren muntert.

Erna Solberg blei i dag 54 år. Og på sin eigen fødselsdag besøkte ho Laerdal Medical. Bedrifta, som kanskje er mest kjent for å stå bak «Anne-dokka», feirar 75-årsjubileum i år.

Dokka har i årevis vore brukt når folk både her i landet, og i utlandet, har fått opplæring i hjarte- og lungeredning.

Solberg: – Imponerande selskap

Erna Solberg hos Lærdal

Erna Solberg med spedbarnsdokka Laerdal Medical har utvikla.

Foto: Lærdal, Tore

I dag utviklar Laerdal Medical avanserte simulatorar, blant anna ei som jordmødrer over heile verda bruker for å få realistisk fødselstrening.

Mange barn og mødrer rundt om i verda døyr nemleg i samband med fødslar. Det har gjort at FN nyleg har vedtatt ein plan med mål om å redusera spedbarns-døyelegheit frå tre millionar i 2012, til ein million i 2035.

– Eg har sett namnet og høyrt om forskingsinnsatsen til Laerdal før. Men når du ser utstyret, høyrer om samarbeidet dei har, og ikkje minst tar inn over deg kor utruleg mange land som får løfta helsearbeidet gjennom dei, er det eit imponerande selskap, skryt Solberg.

Gler seg over statsminister-besøk

Tore Lærdal er eigar og styreleiar, men kanskje første og fremst dagleg leder i Lærdal Global Health (sjå faktaboks). Han seier bedrifta deler statsministeren si interesse for mødrer-barn-helsearbeid i fattige land sterkt.

– Det gler meg at regjeringa har fokus på kompetanse, utvikling og innovasjon i norsk næringsliv. Me representerer ei næring i helsesektoren som har store udekte behov, seier Tore Lærdal.

– Liv kan reddast med enkle tiltak

Ingrid Lærdal har jobba med dei globale helseprosjekta i familiebedrifta Laerdal Medical i fem år. Det var ho som simulerte ein fødsel framfor statsministeren i dag.

– Det gjekk bra, eg har gjort det nokre gonger før med fødselssimulatoren.

Ho understrekar at mange liv rundt om i verda kan reddast med enkle tiltak.

– Med ei jordmor med rett utdanning og rett utstyr er det så mange som kan reddast. Det er det som gjer dette så meiningsfullt å jobba med, seier ho.