Hopp til innhold

Gallerieigar oppfordrar til boikott

– Vi oppfordrar alle kunstnarar til ikkje å ha noko med kunsthallen å gjera, seier gallerieigar Arve Opdahl.

"Figure of landscape" er vekke

BERRE SOKKELEN ATT: «Figure of landscape» stod her fram til i dag. No er det berre sokkelen som står att framfor Stavanger kunsthall.

Foto: Einar Espeland / NRK

Gallerieigar Arve Opdahl i Stavanger reagerte med vantru og trudde først ikkje på det då NRK ringde onsdag og sa at Barbara Hepworth-skulpturen utanfor Stavanger kunsthall er fjerna.

Arve Opdahl

SINT OG OPPGITT: Gallerieigar Arve Opdahl

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Er det sant? Er den vekke? Altså, fysisk fjerna?

Opdahl starta Galleri Opdahl i Stavanger i 1989, og har no også eit galleri i Berlin. Han har i årevis jobba for å få kunst til Stavanger, no må han sjå eit av dei store verka forlata byen. Etter å ha summa seg litt var meldinga klar:

– Det blir ikkje tristare enn dette.

– Fiendtleg handling

Nokon timar seinare la Galleri Opdahl ut ei melding på si Facebook-side: Der oppfordrar galleriet alle kunstnarar om å boikotta Stavanger kunsthall.

– Denne handlinga er så fiendtleg mot alle som jobbar med samtidskunst at det saknar sidestykke. Difor oppfordrar me alle kunstnare om ikkje å ha noko med kunsthallen noko å gjera, torar Opdahl.

Med dette meiner han og å kansellera alle utstillingsavtaler kunstnare måtte ha med kunsthallen.

– Kva oppnår du med ein boikott?

– Dette er det einaste språket dei forstår tydelegvis, dei forstår ikkje anna ein hardt mot hardt.

Vil ha styret bort

Opdahl ser helst at heile styret tar sin hatt og går.

– Dei har her vist at dei ikkje klarer å skjøtte ein kunstforeining.

NRK har vore i kontakt med styreformann i Stavanger kunsthall, Eirik Moe, men han ynskjer ikkje å kommentere boikotten.

– Men kan ikkje salet hjelpe kunsthallen ut av ein trong økonomisk situasjon?

– Det er ikkje det dette er handlar om. Dei sel eit kunstverk som tilhøyrar byens befolkning. Det er dykkar oppgåve å finne pengane, ikkje selje bort, seier Opdahl.

Mange reagerer

facebooksida til NRK Rogaland er det mange som tykkjer det er uhøyrt at kunstverket skal vekk frå byen.

Dei siste dagane har kunstekspertar og kunstnarar vore veldig kritiske til Stavanger Kunstforeining, som vil selja Barbara Hepworth-skulpturen «Figure of landscape» for å få pengar til vidare drift av Stavanger Kunsthall.

No er skulpturen fjerna og teken hand om av representantar for auksjonshuset Christie's i London.

– Stavanger kunstforeining treng pengar til drift av Kunsthallen, og har bestemt seg for å selja skulpturen. Avgjerda er tatt, seier Eirik Moe, styreleiar i Stavanger Kunstforeining.

Det forstår gallerieigar Opdahl særs lite av.

– Det vitnar om uforstand som manglar sidestykke. Det er urtrist, heile greia. Kunstforeininga, som eigentleg hadde fått ein liten opptur med nysatsinga si, er tilbake til start og endå lenger tilbake. Det er trist for innbyggjarane i Stavanger at dei ikkje får oppleva samtidskunst som dette over tid. Det er nonchalant og høyrer ikkje heime nokon plass å gjera noko slikt.

Meiner kunstforeininga tek seg til rette

Stavanger Kunstforeining slit med økonomien, og har fått pålegg om å ordna blant anna det elektriske anlegget i Stavanger kunsthall. Styreleiar Moe seier at det stod mellom å selja skulpturen eller å flytta ut av kunsthallen. Eit samrøystes styre valde å selja skulpturen og bruka pengane dei får inn til sikra vidare drift.

«Figure of landscape» skal seljast av auksjonshuset Christie's i London, og om alt går etter planen skal den under hammaren i juni. Det er ikkje småpengar Kunstforeininga kan få for den, ein litt mindre Hepworth-skulptur, både i størrelse og popularitet, vart seld for 24 millionar kroner i fjor.

At det var stod mellom å selja eller å flytta ut er Opdahl ikkje samd i.

– Det finst mange måtar å skaffa pengar på. Spørsmålet her er om det er kunstforeininga som eig det, og ikkje Stavanger sine innbyggjarar? Her tykkjer eg at dei tek seg til rette.

Politikarane i Stavanger sa nei til å bidra med pengar då dei fann ut kor mykje det kom til å kosta, men dei har vore opne for å sjå på saka på nytt dersom næringslivet tek initiativ til eit spleiselag. Men Opdahl trur Stavanger no har sett det siste til kunstverket.

– Eg har ingen tru på at skulpturen kjem tilbake til Stavanger etter auksjonen.