Hopp til innhold

Berre tre av ti vaksne bruker refleks

Vaksne kvinner er oftast utsett for ulukker i trafikken. Og det er dei vaksne som syndar mest på refleksbruk, ifølgje Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Refleks

Haustmørket har gjort sitt inntog, og det er vanskelegare for bilistar å få auge på syklistar og fotgjengarar.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Haustmørket er her, men berre tre av ti vaksne bruker refleks, skriv politiet i ei pressemelding.

For syklistar er det påbod om bruk av refleks, men for fotgjengarar er det opp til kvar enkel. Det er gale at mange vaksne lar vera å ta på seg refleks, meiner Edgar Mannes, leiar for Felles operativ eining, i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Vil ha ned talet på ulukker

Trygg Trafikk melder om at bruk av refleks reduserer risiko for å bli påkøyrt i mørket med 85 prosent. Medan yngre born er flinke til å bruka refleks, vedvarer ikkje denne trenden gjennom ungdomsåra og i vaksen alder.

– Når me veit at 35 prosent av alle fotgjengarulykker skjer i mørket og at det er eldre fotgjengarar som ikkje har eit aktivt forhold til refleksbruk som toppar ulykkesstatistikken, ser politiet eit klart førebyggjande potensial i å få ned talet
ulykker ved at fleire vaksne tek i bruk refleks, seier han.

47 syklistar og 40 fotgjengarar blei skadde i trafikken i Rogaland 2012 ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Syklistar kan få bot

– Det er snakk om statistisk små tal, men konsekvensen for dei involverte kan vera stor. Politiet oppmodar fotgjengarar til òg å tenkja på bil- og sykkelførarar når ein ferdast langs vegen i mørket, utan refleks.

Kravet til sykkelutstyret når det er mørkt eller ved dårleg sikt, er kvit eller gul refleks på begge sider av kvar pedal, raud refleks bak på sykkel, samt kvitt/gult lys frampå sykkelen og raudt lys bak på sykkelen.

Det kan fort bli dyrt for syklisten om ein ikkje følgjer desse reglane. Brot på regelverket kan straffast med bot på 900 kroner.