Hopp til innhold

– Trudde båten skulle bli knust

Då masta knakk ute i Atlanterhavet for to dagar sidan var Eirik Østberg (62) sikker på at seglbåten med han og kona skulle gå under. I dag får han ikkje fullrost folka som redda dei nok.

Norwegian Yacht Rescue

Her blir Eirik Østberg (62) og Greta Østberg (62) tatt i land etter ein dramatisk seglas.

Foto: Niall Duffy

I kveld et Eirik og Greta Østberg frå Haugesund fish and chips på eit gatekjøkken i den vesle byen Castletownbere sør i Irland. For få dagar sidan hang livet deira i ein tynn tråd.

Paret var standa i tre dagar på seglbåten deira, 250 kilometer utanfor kysten av Irland.

Trudde ikkje båten ville halda

Eirik og Greta var på veg heim til Norge frå Azorene då seglbåten deira «Alice II» blei hardt skadd grunna uvêr.

– Uvêret gav oss store problem, det kom storm på storm, fortel Eirik frå den dramatiske seglasen deira.

Det byrja med at dei ikkje fekk ned rulleklyveren (eit segl framme på båten) på grunn av uveret, noko som gjorde det vanskeleg å driva med vinden. Deretter røyk staget under klyverbommen. Nokre dagar etter dette knakk heile bommen.

– Dermed blei me i alle fall kvitt rulleklyveren, men uvêret heldt fram med å slita på båten som gjekk på storsegl og fokk.

Ekteparet hadde rasjonert for tre veker, og hadde derfor mat nok.

– Me tok oss ei skive nå og då, og fekk faktisk til å baka eit bar brød også, fortel Eirik.

Men så gjekk det verkeleg gale. Først røyk førestaget, deretter raste masta ned.

– På dette punktet kjendest situasjonen som svært dramatisk. Masta blei hengande fast i tre vaierar, slik at den låg å slo i sida av båten.

Eirik såg derfor føre seg at båten ikkje ville halda.

Norwegian Yacht Rescue

Eirik og Greta var på veg heim til Norge frå Azorene då seglbåten deira «Alice II» blei hardt skadd grunna uvêr.

Foto: Niall Duffy

Berga seg med baufil

– Eg tenkte at båten skulle gå under, men fant fram ei baufil. Etter ein time fekk eg kappa av vaierane, og masta var laust. Utruleg nok tok ikkje skroget inn vatn etter dei kraftige slaga, fortel han.

På dette tidspunktet var ekteparet utan radio, som braut saman då masta gjekk med, men dei fekk sendt opp ein naudbluss.

Ein fransk fiskarbåt fann dei, og fekk over ein mann.

– Uvêret var framleis stort, og me fant ut at det ikkje var trygt for oss å gå over i fiskebåten. Me blei derfor slepte i 15 timar, under denne ferda var det kanskje mest synd i den franske fiskaren som me hadde om bord, me prøvde å kommunisera med han på spansk.

Fiskarbåten hadde fått kontakt med det irske marinefartøyet, og etter den lange slepeturen blei nordmennene tatt hand om av marinefartøyet LE «AOIFE».

– Vil selja båten

Ekteparet har nå føtene godt planta på landjord, og der skal dei vera ei god stund framover.

– Det blir nok ei stund til me reiser ut i båt igjen, og langturar er det nok heilt slutt på, fortel Eirik frå gatekjøkkenet i Castletownbere.

På sundag skal dei fly heim til Norge, og ha landfaste dagar. At dei får moglegheita til dette takkar dei redningsmannskapet for.

– Hadde det ikkje vore for dei, hadde me nok drive ute på sjøen framleis.

Dei er begge samde om at irane har tatt dei imot på den best tenkelege måten.

– Det er fantastiske folk, og me har fått svært mykje hjelp og omsorg, utan å be om det. Eg tvilar på at det ville vore tilsvarande i Norge.

Sjølv om båten overlevde turen, håper dei nå at dei kan kvitta seg med den.

– Faktisk er hamnesjefen her ute interessert i å kjøpa den, avsluttar Eirik før dei fullførar fiskemåltidet sitt.

Norwegian Yacht Rescue

Eirik Østberg (62) og Greta Østberg (62) er svært nøgd med den irske marinen som har hjelpt dei svært mykje.

Foto: Niall Duffy