Hopp til innhold

– Som å ha eit fly i stova

Fleire naboar av Aibel i Haugesund har mista nattesvevnen etter «Petrojarl Knarr» kom til verftet.

leire naboar av Aibel i Haugesund har mista nattesvevnen etter «Petrojarl Knarr» kom til verftet.

►SJÅ TV-SAK: Her kan su sjå og høyra korleis naboane blir plaga av «Petrojarl Knarr».

Bente Oddenes

Bente Oddenes er nabo til Aibel sitt verft i Haugesund.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Bente Oddenes bur eit par hundre meter frå Aibel sitt verft på Risøya i Haugesund. Her la båten «Petrojarl Knarr» til tysdag ettermiddag.

Etter båten kom til nabolaget, har Oddenes slite med svevn.

– Det er slik at det går gjennom marg og bein, og det er slik at du nesten ikkje får sove. Det er som om me har eit fly i stova, seier ho til NRK.

Lovar betring

For båten gir nemleg frå seg stor støy, både dag og natt. På Aibel lover dei betring.

– Støyen kjem frå turbinane til «Petrojarl Knarr». Turbinane lagar straum, som skal forsyna tryggleikssystema om bord. Så lenge turbinane går så vil ein ha støy, seier Bjørn Pedersen, som er verftsdirektør på Aibel.

Han beklagar til naboane som ikkje har fått sova.

– Me jobbar med saka, og håper at støyen er redusert i kveld. I morgon vil me kopla båten på landstraum, då skal problemet vera vekke,

Han seier at dei ikkje var klar over at båten kom til å støya så mykje, og at om dei hadde visst det så ville dei lagt båten andre vegen.

«Petrojarl Knarr»

«Petrojarl Knarr» har sidan tysdag ligge til kai på Risøya i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK