Hopp til innhold

– Målet er å vera kontroversielle og spisse

I dag blir ein ny møteplass for verdidebatt lansert i Stavanger.

Eirik Faret Sakariassen

Eirik Faret Sakariassen er initiativtakaren til den nye verdikommisjonen i Stavanger.

Foto: Hans Edward Hammonds

Det heile starta i mai 2012 då bystyrerepresentant Eirik Faret Sakariassen (SV) skreiv ein kronikk i Stavanger Aftenblad om at Stavanger-regionen trengde ein lokal verdikommisjon.

«Nedsett en verdikommisjon!» skreiv Sakariassen etter ei tid med diskusjon om olje-mentaliteten i Stavanger.

– Eg venta på at nokon skulle starta kommisjonen, men ingen gjorde det. Då måtte eg ta meg sjølv på ordet og gjera det sjølv, seier SV-politikaren.

– Annleis og nytenkande

Når den lokale verdikommisjonen blir lansert på Sting klokk 13.30 i dag blir det ikkje ein kopi av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik sin verdikommisjon på 90-talet, ifølge initiativtakar Sakariassen.

– Det er ein annleis og nytenkande verdikommisjon som skal passa dei utfordringane samfunnet har i 2014.

Foreløpig er det sett av tre møte på Sting, så blir det nytt program til våren. Prosjektet verdikommisjonen er tilknytta debattarenaen Kverulantkatedralen KÅKÅ på Sting.

– Miljø, ulikskap, religion, kultur og mangfald kan vera nokre tema me kjem til å ta opp. Me vil ha ein debatt ikkje berre om dei økonomiske verdiane, men òg dei mellommennskelege verdiane i regionen, seier Sakariassen.

– Korleis kan folk få dette med seg?

Dei faste medlemmene i kommisjonen samlast på scenen. Folk kan delta som publikum på Sting eller sjå det når det blir streama på nett. Me ønsker å vera såpass kontroversielle og spisse at me får fleire med på debattane.

Det første møtet blir på måndag klokka 19.

Dette er medlemmene i den nye verdikommisjonen:

  • Tora Aasland (leiar)
  • Erling Pettersen
  • Marit Boyesen
  • Eirik Faret Sakariassen
  • Marie Ljones Brekke
  • Bjørn Vidar Lerøen
  • Safhana Mubarak Ali
  • Arne Nøst
  • Silje Trym Mathiassen