Hopp til innhold

– Kos aukar mjølkeproduksjonen

Ein bonde frå Tysvær i Rogaland meiner at ku-klemming både aukar mjølkeproduksjonen og er god terapi for menneske.

Melkebonde Solveig Øie i Tysvær klemmer og koser med melkekyrne sine. Noko som både er terapi for henne, og auker produksjonen.

Ku i Tysvær

Kyrne til Solveig Øie ser ut til å trivast.

Foto: Jostein Gjertsen / NRK

– Åh så fin du er, du har så flotte auge, du er mamma sitt gull, seier Solveig Øie medan ho held rundt halsen på ei 650 kilo tung mjølkeku, som ser ut til å nyta kosen ho får frå matmora.

For åtte år sidan overtok Solveig familiegarden Øie i Tysvær, og måten ho driv garden på er kanskje ikkje heilt tradisjonell. For Solveig Øie er nemleg ein «ku-klemmar».

1500 liter meir mjølk per ku

– Eg klemmer kyrne kvar dag. Både for meg sjølv og for kyrne. Dersom ein har ein tung dag er det ganske mektig å legga seg inntil ei varm ku og grina lite grann, seier Øie.

I tillegg til å vera god terapi, meiner ho at kukosen slår godt ut økonomisk.

– Det er det ikkje tvil om, etter eg har tok over garden har eg auka mjølkeproduksjonen med om lag 1500 liter per ku per år, med om lag same fôringsmengda, fortel ho.

Bli med inn i fjøset

Humør smittar

Og ifølgje forsking ved Veterinærinstituttet har ho rett. Dei forska på 110 gardar i Sør-Norge og konklusjonen blei at humøret til bonden smittar over på kua, og vidare at nøgde kyr gir auka mjølkeproduksjon.

Kosinga har likevel ei bakside, for Solveig Øie knyter sterke band til kyr som skal slaktast.

– Når dei er melde inn til slakt distanserer eg meg litt frå dei, det gjer eg for min eigen del. Eg er ikkje slik at eg ikkje slaktar, for om ein ikkje vil slakta ut av og til blir det ikkje pengar, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland