Hopp til innhold

– Kommunane må ta grep om marknaden

Det er tid for ein ny bustadpolitikk, kjem det frå Venstres landsmøte. Dei peiker på fleire bustadar, meir sparing i BSU, kommunale tomteselskap og enklare regelverk.

Gamle Stavanger oversiktsbilde

Det vert ikkje bygd nok bustadar i Noreg i dag, og noko må gjerast meiner Venstre.

Foto: Google Maps

– Me treng fleire bustadar i byane. Me må få slutt på prisgaloppen. Folk må kunne koma seg inn på marknaden, seier Kjartan Lunde, leiar i Rogaland Venstre.

Eit samla landsmøte stilte seg i føremiddag bak eit utsegn om bustadmarknaden i Noreg. Les heile utsegna her.

«Prisveksten er høg, gjeldsgraden er aukande og behovet for bustadar er stort. Noreg treng ein ny bustadpolitikk.»

Framleis aukande bustadpris

Mars-tala frå Eiendom Noreg viste ei tydeleg utflating, sjølv om det vert kjøpt og selt fleire bustadar enn nokon gong. Middelprisen var i mars 2015 7,9 prosent høgare enn i mars 2014.

Det er òg store regionale skilnadar. I Tromsø har marknaden skote i vêret med heile 15 dei siste 12 månadane. I Oslo er talet 11 prosent, og i Bergen 10. I oljesmurde Stavanger og Sandnes, derimot, har prisauken berre vore på 1,5 og 1,2 prosent frå 2014 til 2015.

Ønskjer kommunale tomteselskap

Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Lunde er leiar i Rogaland Venstre.

Foto: Ole Andreas Bø

Men det betyr ikkje at det er blitt billeg i Rogaland. Medianprisen på ein bustad er framleis 2,9 millionar i Rogaland, og 3,3 millionar i Stavanger.

– Sjølv om prisauken har dempa seg trengst det fleire bustadtiltak. Mellom anna må plan- og bygningslova forenklast, BSU-grensa må opp, og vi må byggja fleire studentbustadar, seier han.

Partiet sitt landsmøte peiker også på kommunane, og meiner dei bør gå meir aktivt inn for å byggje bustadar til innbyggjarane.

«Det vil vere avgjerande mange stader å få gjort meir heilskaplege grep i reguleringsprosessane, slik at vi får meir effektiv bustadbygging, samstundes som areala utnyttast på ein god måte. Kommunale tomteselskap eller andre tiltak kor kommunen kan ta ei meir aktiv rolle i bustadutviklinga er derfor ønskeleg»