Hopp til innhold

– Knivane må ligga att i telta

12.000 speidarar med kniv tar inn nå tidenes mest urbane landsleir i Stavanger. Men for dei som har tenkt seg til byen eller kjøpesenteret, er det viktig å hugsa på at kniven ikkje skal vera med, opplyser politiet.

Speidarleir med knivar

Speidarleiar Ivar Nøttestad seier at dei har fokus på at alle speidarar på tur og arrangement skal ha med seg kniv. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Ivar Nøttestad / Madlaspeiderne

Speidarkniv

Speidarkniv er ein viktig del av speidaren sin uniform.

Foto: Ine Kvalvåg Navestad

Årets landsleir for speidarane byrjar i Stavanger i morgon. Men allereie i dag strøymer det på med speidarar frå inn og utland til bydelen Madla.

Aldri før har ein speidarlandsleir vore så tett på eit bysentrum som i år, og handelsnæringa gjer det dei kan for å lokka til seg speidarane. Kjøpesenteret Madla Amfi held til dømes sundagsope.

Forbode med kniv på byen

Men å blanda byliv med speidarleir er ikkje berre uproblematisk, for speidarane har kniv, og politiet har ingen ønske om at desse blir tatt med på bytur.

– Speidarkniv har med speidaraktivitetar å gjera, er dei på tur i byen eller skal inn i ein butikk er ikkje speidarkniv tillaten, seier politiinspektør i Rogaland politidistrikt, Leif Ole Topnes.

– Kva reaksjonar kan dei møta dersom dette skjer?

Leif Ole Topnes

Leif Ole Topnes har vore speidarleiar i 15 år.

Foto: Politi.no

– Dette blir ei vurderingssak i kvart enkelt tilfelle. Ein kan gi bøter på 8000 kroner til folk som har kniv på seg, men dette er for å førebygga vald, noko som ikkje er tilfellet om ein speidar på handletur gløymer å ta kniven ut av beltet, seier han.

Topnes har sjølv vore speidarleiar i 15 år, og trur at dette blir eit lite problem, og har stor tiltru til at speidarane er fornuftige og hugsar å legga frå seg kniven når dei er ute som privatpersonar.

– Det er viktig at leiinga er obs på dette når arrangementet er så sentrumsnært, men det er eg heilt sikker på at dei har gode rutinar på, politiinspektøren.

Dei er også i tett dialog med speidaren når det kjem til avviklinga av arrangementet.

– Dette er eit svært stort arrangement, og me har tatt dei forholdsreglane me skal med tanke på beredskapstenking, seier han.

Fokus på meistring av kniv

– Me har eit stort fokus på at speidarar på tur, arrangement eller ute i naturen skal ha med seg kniv. Me ser på det som nærmast ei samfunnsoppgåve å læra barn å handsama kniv på ein fornuftig måte, fortel leiar for Norges største speidargruppe, Madlaspeiderne, Ivar Nøttestad.

Han fortel at speidarkniven framleis er den tradisjonelle med slire av lær, men at mange kompenserer med verktøysknivar, som Swiss og Leatherman.

– Men det er den tradisjonelle me spikkar og kuttar tau med, seier han.

Han trur heller ikkje det blir problematisk med 12.000 speidarar i og rundt Stavanger sentrum.

– Me har retningslinjer for bering av kniv. Når den ikkje er i bruk, til dømes under transport, skal den vera i ryggsekken, under aktivitet skal den vera i beltet. Er dei ute i byen er det ikkje naturleg å ta med seg kniv, avsluttar han.

Ser stort på det

Madla Amfi håper at speidarane skal lengta vekk frå leiren, og kopla av med litt shopping. Dei har derfor søkt om å få ha sundagsope 7. juli, noko dei fekk innvilga.

Sjølv om speidarane ikkje skal bera kniv på eit kjøpesenter, seier senterleiaren at dei ikkje vil ta det så hytt.

– Speidarane er fornuftige, så det vil me ikkje bry oss om. Me har dessutan mange butikkar der me sel knivar, seier senterleiar Anette W. Worum.

Ho understrekar likevel at senteret vil ha mange tryggleiksvakter på jobb, sidan dei forventar mange besøkjande.

Sjå video av førebuinga til landsleiren:

12 000 speidere til Stavanger

SJÅ VIDEO: Førebuingane før 12.000 speidarar kjem til Stavanger.