Hopp til innhold

– Stien til Kjerag treng eit skikkeleg løft

Stien til turistmagneten Kjerag i Lysefjorden held ikkje mål, meiner speidarrørsla. Dei krev oppgradering før det skjer alvorlege ulukker.

Madlaspedarane krev opprusting av stien til Kjerag.

VIDEO: Leiar for Madlaspeidarane, Ivar Anton Nøttestad, fryktar ulukker dersom ikkje noko snart blir gjort med stien til det verdskjende Kjerag-platået i Lysefjorden.

Kvart år går om lag 30.000 turistar frå inn- og utland til fjellplatået Kjerag i Lysefjorden. Den spektakulære naturen og ikkje minst bilete av den kjende Kjeragbolten trekkjer turistar frå heile verda.

Men løypa står ikkje i stil med den massive turismen, ifølgje den erfarne speidarleiaren Ivar Anton Nøttestad.

Eskil Rønningsbakken på Kjerag

Balansekunstnar Eskil Rønningsbakken på Kjeragbolten.

Foto: Sindre Lundvold

– Stien har forbetringspotensial og treng eit løft. Spesielt er det behov for rutinar for vedlikehald etter vinteren når snøen har øydelagd ein del av merkinga, seier leiaren for Madlaspeidarane i Stavanger.

Det er ikkje første gong folk etterspør betre løyper til Kjerag. I fjor sommar sa Lysefjorden Utvikling at det var nødvendig med akutte grep på stien til platået 1000 meter over havet.

Saknar betre merking

Alt i første del av løypa frå parkeringsplassen på Øygardstøl er det rekkverk som er samanbøygde på grunn av dei sterke naturkreftene. I tillegg er skiltinga for dårleg, meiner Nøttestad.

– I starten er det ingen skilt som viser veg til Kjerag. I tillegg kunne det vore merka betre med raude t-ar.

Det er dei raude t-ane til Turistforeininga som skal visa veg. Men mange bygger vardar sjølv etter eigen fantasi. Det gjer god merking ekstra viktig, påpeikar Nøttestad.

– Dette er eit tøft terreng. Plutseleg mistar du stien, og då kan du fort møta på eit stup. Her kan folk gå seg vill eller det kan skje alvorlege ulukker.

Les meir: Her hopper hun fra 200 meter og Her hoppar dei ut i Kjerag-stupet

(Artikkelen held fram under bilete).

Ivar Anton Nøttestad

Ivar Anton Nøttestad i Madlaspeidarane viser fram øydelagde kjettingrekkverk.

Foto: Magnus Stokka

Planar om oppgradering

Turistforeininga har ansvaret for å merka stien til Kjerag. Dei er heilt einige i at løypa i dag er i for dårleg stand. Det er 10–15 år sidan sist stien til Kjerag blei ordna.

Preben Falck

Preben Falck, dagleg leiar i Stavanger Turistforeining.

Foto: Anders Fehn

– Det er behov for ei skikkeleg oppgradering. Me har planar om å gjera det til neste år, men manglar pengar, seier dagleg leiar i Stavanger Turistforeining, Preben Falck.

300.000 kroner er på plass frå Lysefjorden Utvikling. Men totalt trengst det 2-2,5 millionar for å rusta opp løypa.

Planen er å bruka sherpaene frå Nepal som oppgraderte stien til Preikestolen tidlegare i år. Nøttestad trur Turistforeininga kjem til å gjera ein god jobb.

– Målet med kritikken min er ikkje å skremma folk frå å gå denne fantastiske turen. Med oppgraderte løyper, blir dette indrefileten av det naturen har å by på, seier han.

Til helga seier sherpaene fra Nepal takk for seg på Preikestolstien i denne omgang. Opptil 20 mann har denne våren jobba for å betra stien.

Her lagar sherpaer frå Nepal sti til Preikestolen. Videoen er frå juni 2013.