Hopp til innhold

– Kjendisblogging kan være farleg

Bloggerane opplever ein stor etterspurnad fra leserane om vekt, høyde og BMI.

blogg

Faksimile frå bloggen til Lene Orvik. Ei av dei mest populære bloggsidene på nettet for unge jenter.

– Det er veldig farleg når unge jenter les om kropp og vekt på bloggane, for så å streba etter å vera like idola sine, seier Anette Grønning, rådgivar ved Senter for Spiseforstyrrelser (SFS).

Kropp og klede

Tenåringsbloggane på nett er blitt svært populære. Dei mest leste har lesartal på opp mot 45.000 kvar dag. Tema som kropp og klede går igjen.

– Dei som les desse bloggane tenkjer gjerne at bloggskribentane er flinkare enn seg sjølve. Dei som ikkje når opp til førebileta sine kan lett slita med skamkjensler, åtvarar Grønning.

– Lesarane må ta ansvar

Men bloggarane ser ikkje på seg sjølve som ekspertar på det dei skriv om. Julia Nyland har den nest mest leste bloggen i Norge. Ho seier lesarane sjølve må ta ansvar for eigne val.

– Sjølv om eg skriv om kropp og trening, oppmodar eg ikkje folk til å gjera det same som meg. Alle kan ta eigne val, skulda må ikkje bli lagde på oss bloggarar, meiner ho.

Kva meiner du om blogginga blant unge jenter?