Hopp til innhold

– Ikkje lenger fritt fram for lovbrytarar

Etter samanslåinga av politidistrikta kan ikkje lovbrytarar på Utsira kjenna seg like trygge som tidlegare. Det fekk ein bilførar mistenkt for promillekøyring erfara i går kveld.

Utsira

LITA ØY: Utsira er Norges minste kommune med litt meir enn 200 innbyggjarar. Det er ei øy ute i havgapet vest for Karmøy og Haugesund.

Foto: Dorrit Kyed

Klokka halv fem i går ettermiddag fekk politiet tips om ein person i Haugesund som køyrde bil etter å ha drukke alkohol.

Politiet rykka ut, men bilføraren fekk køyrd om bord på Utsira-ferja før dei fekk fatt i han.

Før politireforma der 27 politidistrikt blei til 12 i år, så hadde dette vore enden på visa. Men etter Haugaland og Sunnhordland politidistrikt gjekk saman med Rogaland politidistrikt har dei nå tilgang til politibåten i Stavanger.

– Det var nokon kloke hovud her inne som kom på at me kunne bruka båten til å koma oss ut til Utsira, seier Håkon Tornes som er operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund.

Politibåten i Stavanger

Nå kan også politiet på Haugalandet nyta godt av politibåten som ligg ved kai i Stavanger.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Normalt ville det vore eit problem for oss

Politibåten kom frå Stavanger til Karmøy og plukka opp polititenestemenn der. Vidare reiste dei ut til Utsira.

Der blei nok bilføraren noko overraska over å få besøk av politiet.

– Normalt så er det eit problem for oss å koma oss ut til Utsira utanom ferjetidene, me har då måtta tilkalla kystvakta og slike ting, seier Tornes.

Bilføraren blei teken med inn til Karmøy for blodprøve. Han er mistenkt for å køyra bil med alkoholrus.

Meir enn fem timar

Operasjonen tok meir enn fem timar, men det var ikkje for å statuera eit eksempel, slår politiet fast.

– Me ville berre oppklara saka. Folk kan ikkje forventa å koma unna med promillekøyring sjølv om dei bur litt grisgrendt til. Men for ettertida er det nok greitt at dei som bur på Utsira veit at det ikkje er fritt fram, seier Tornes.

Laster Twitter-innhold
Reiseruta for politibåten