Hopp til innhold

– God idè å fjerna vrakkunst

Viking FK fjerna måndag eit bilvrak-kunstverk frå VIP-tribunen for å betra dei sportslege resultata. Spesialist innan den kinesiske energitradisjonen «Feng Shui» er overbevist om at det vil hjelpa.

Hanne Louise Houen

Hanne Louise Houen frå Norsk feng shui kan ingenting om fotball, men ho er ikkje i tvil om at det var lurt å fjerna bilvrak-kunstverket fra VIP-området.

Foto: Privat/NRK Rogaland

–Eg trur bilen påverkar dei som dagleg går forbi den. Slik er den med på å avgjera om fotballklubben har det bra eller ikkje, seier Hanne Louise Houen frå Norsk Feng Shui.

Feng Shui er ifølgje Wikipedia ein eldgamal kinesiske praksis der ein ved å plassera og arrangera rom oppnår harmoni med miljøet.

VIDEO:

Video f632f997-09ac-4312-a238-8b4b1d00d6ef.jpg

Fjerner kunstverk for å få bedre karma

Karma eller symbolikk?

I drygt sju år har ein bil av typen Audi 80, knust under ei svær steinblokk, satt sitt preg på Viking stadion. Kunsten skulle provosera og skapa overraskingar og offensive taktar i eit lag som blei skulda for å spela kjedelig og defensiv fotball.

Men det har ikkje gått Vikings veg etter kunsten kom på plass, og det var derfor bilvraket blei fjerna i går kveld. Kunsten gjer dårleg karma meiner leiinga i klubben.

– Eg brukar ikkje uttrykket dårleg karma sidan det handlar om menneskjer, mens ein bil på eit stadion heller har ein dårleg symbolikk. Og slik det ser ut på bilete har denne bilen eit nedtrykka uttrykk, seier Houen.

Slik meiner ho at spelarane og andre i klubbe kan ha blitt nedtrykka og ikkje får tru på dei gode opplevingane:

Vil heva det sportslege nivået

– Symbolikken i kunsten er at noko er rustent, det er ferdig og over, det er øydelagt og nokon har kanskje endåtil blitt skadde ein stad på vegen, seier ho.

Ho ville derfor aldri hatt eit slik kunstverk hengjande på stadion om det var hennar fotballklubb.

Det knuste bilvraket er laga av den amerikanske kunstnaren Jimmie Durham, og verket skal vera ein kritikk til materialismen.

– Det har vore mykje snakk rundt det sportslege nivået i klubben, og det at me nå fjernar kunstverket som fleire meinar bringer ulukke, viser berre at me gjer alt for å få den negative trenden til å snu, seier Ole Rugland, styreleiar i Viking, det var han som stod for å kjøpa inn kunstverket i 2004.

Viking

Indridi Sigurdsson og Rune Almenning Jarstein frustrerte og fortvilte etter Ålesund scora 1-0 målet på Color Line stadion 29. mai i år. Kampen enda 2-0. Nedturane har vore mange og i dag ligg Viking nedst på tabellen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

– Ei byrde blir borte

Hanne Louise Houen innrømmar at ho ikkje kan nokon ting om fotball, men ho er likevel ikkje i tvil om at dette vil ha ein effekt:

– Dette vil løfta ei byrde av skuldrene til laget, eg veit ikkje korleis klubben har det i dag, men dette kan vera med på å gje dei eit løft, seier ho.

Ho kjem også med tips til kva Viking nå bør gjera vidare:

– Dei kan jo vurdera å få inn eit nytt kunstverk med positive konnotasjonar.

– Kva tenkjer du då på?

– Noko som strekk seg oppover. Fotballspelarane strekk henda i vêret når dei lagar mål og kastar seg rundt halsane på kvarandre, derfor bør også kunsten vera oppgåande, framfor aldeles nedtrykt..

Nå vil Viking selja kunsten Hanne Louise Houen frå Norsk Feng Shui seier at ho i alle fall ikkje er ein aktuell kunde, ho ville aldri hatt ein vraka bil i heimen sin.