Hopp til innhold

– For få båtturistar kan bruka GPS

Mange rednings- og assistanseoppdrag til båtturistane blir unødvendig kompliserte fordi mange ikkje veit kvar dei er. Av og til kan dei gi opp feil posisjon med fleire mils margin.

Båt

(illustrasjonsbilete)

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Me får diverre alt for ofte folk som ber om hjelp anten direkte eller via kystradiostasjonen, som ikkje veit eksakt kor dei er. Dei veit at dei er mellom to gitte punkt, men kor nøyaktige dei er kan variera med store avstandar, seier redningsleiar Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge:

Å kunna vita nøyaktig kor ein er dersom ein treng hjelp på sjøen, kan vera forskjellen på liv og død.

Nils Ole Sunde

REDNINGSLEIAR: Nils-Ole Sunde er redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Foto: NRK

– Mange av dei har alt tilgjengeleg utstyr om bord, som GPS, kartplottar eller mobiltelefon med GPS på, men dei kan ikkje bruka det, og dei veit ikkje korleis dei skal finna ut posisjonen sin, fortel Sunde.

– Kor stort er dette problemet?

– Berre det siste døgeret har me hatt fleire hendingar der folk ikkje veit kor dei er, og gir opp posisjon som kan vera fleire mil vekk frå der dei eigentleg er.

Sunde meiner at det ikkje er den store innsatsen som skal til før ein kan nok til å vera mykje tryggare på sjøen.

– Viss dei brukar eit par minutt på kartplottaren og to-tre minutt på mobilen, så veit dei korleis dei skal gjera dette. Då veit me på meteren kor dei oppheld seg, seier Sunde.

– Det er ein veldig billeg forsikring. Alle har dette utstyret i lomma, så det er berre å læra seg å bruka det.