Det beste rådet Jan Friestad kan gje til unge som kjem ut med ei moderat løn er å skru ned forventningane til sin første bustad.
Foto: Tom Edvindsen / NRK– Det beste rådet eg kan gje til unge som kjem ut i jobb med ei moderat løn, er at dei må skru ned forventningane sine til den første bustaden, seier konserndirektør for privatmarknaden i Sparebank 1 SR-bank, Jan Friestad.
For om ein ikkje har foreldre å spela på er det svært vanskeleg for unge å koma ut i bustadmarknaden .
Og sjølv om det finst ordningar som skal hjelpa unge med dette, er det langt frå alle som har råd til å nytta seg av desse goda.
- Les òg:
- Les òg:
– BSU-suksess for dei som har råd
BSU-sparing kan gje skattelette på opptil 4000 kroner i året, men det er likevel berre ein av ti, eller 3.600 av dei unge kundane i Sparebank 1 SR-bank, som ligg tett opp til dette.
For å få full utnytting må ein setja inn i overkant av 1.500 kroner på kontoen kvar månad, men det er det dei færraste som har råd til i dag, seier Friestad.
– Dei kjem kanskje frå studiar og skal etablera seg. Dessverre er det ofte slik at svært høge leieprisar då gjer at det ikkje blir pengar att til sparing, seier Friestad.
- Les òg:
- Les òg:
- Les òg:
Han meiner også at talmaterialet banken sit med syner at alt for få som kunne, nyttar seg av BSU-ordninga.
– Det er ein del ungdommar som kunne nytta BSU, men som ikkje gjer det. Ordninga er meint for ungdom, som er i ei startfase av livet. Dersom ein allereie er i etableringsfasen vil ordninga berre vera ein suksess for dei med god råd.
– Start nøkternt
Sjølv om han meiner at fleire kunne tatt seg råd til å spara i BSU, meiner Friestad at den største utfordringa er høge leieprisar.
Snittprisen for å leiga ei toromsleilegheit i Stavanger var i mars heilt oppe i 12.920 kroner. Ifølgje Hegnar.no har det aldri blitt registrert høgare snittpris for denne type leilegheit i Stavanger.
- Les òg:
- Les òg:
- Les òg:
Det er også derfor Friestad rår dei unge til å skru ned forventningane sine når det kjem til bustandard.
– Ein bør starta nøkternt, så kan ein heller bygga seg opp derifrå.