Hopp til innhold

– Små detaljar gjorde dette til eit unikt bygg

Arkitektoniske detaljar, moderne kunst og ein viktig del kulturhistorie gjekk opp i røyk i går. Byantikvaren i Stavanger kallar brannen var svært trist.

Brann i Verksgata

Byantikvar i Stavanger, Hanne Windsholt, har tidlegare dokumentert nokre av detaljane, som gjorde Verksgata 31 til eit unikt bygg.

Foto: Stavanger byantikvar / http://erlingjensen.net

Hanne Windsholt

Hanne Windsholt er byantikvar i Stavanger, og meiner byen har mista eit viktig bygg.

Foto: Mari Friestad / NRK

– Bygget er totalskadd og må rivast, seier eigaren av Verksgata 31, Odd-Sven Kristoffersen til NRK.no, torsdag etter middag.

Det er omtrent eitt døgn sidan han fekk melding om at den gamle hermetikkfabrikken stod i full fyr. Ei øydelegging som byantikvaren i Stavanger, Hanne Windsholt, er svært lei seg for.

– Dette var eit fint gamalt bygg med ei lang historie, derfor er dette veldig trist. Det som gjer bygget spesielt, som ein del av hermetikktida i Stavanger, er at det ikkje er eit typisk fabrikkbygg – slik andre hermetikkfabrikkar i byen er, seier ho.

Ho trekk fram fasadedetaljar på bygget, som ikkje er vanlege for andre trehus i Stavanger.

Empirestil

– Det var hjørnebord, fine overgangar mellom tak og vegg og det store skiltet som har flotte spyd, som heng ned. Ein forretningsfasade som det ikkje finst fleire av i byen, seier Windsholt.

Windsholt legg til at bygget er bygd i den såkalla empirestilen.

Utover dette meiner ho at bygget i desse dagar har vore viktig for å halda oppe gata sin karakter, i tider det blir bygd mykje nytt ut mot sjøen. Litt for mykje ifølgje byantikvaren.

– Bygget stod dessverre litt i fare for å drukne litt i alle nybygga, seier ho.

Verksgata under eigarskapet til Jacob Jacobsen Helvig

Her er bygget etter det blei flytta til Verksgata i på midten av 1800-talet.

Foto: erlingjensen.net

– Tragisk hending

Ein annan mann som er opprørt over brannen er fylkeskultursjef i Rogaland, John Gunnar Johnsen.

Han understrekar at det både er ny og gamal kultur som er råka. Kunstnaren Terry Nilssen-Love hadde fleire bilete lagra i bygget, mykje av kunsten hans har teke skade av brannen og noko har truleg gått tapt. I tillegg ser Johnsen på bygget som både gamal og ny industrihistorie. For den gamle hermetikkfabrikken blei nemleg nytta som hovudkvarteret til Esso på 60-talet.

Likevel er det hermetikkhistoria bygget fortel mest om ifølgje Johnsen, som også er tidlegare sjef for hermetikkmuseet.

– Bygget stod eigentleg på Torget i Stavanger, men blei flytta til Verksgata av Jacob Helvig, som var røyrleggar og blekkslagar. Han starta opp hermetikkfabrikk og tok dermed steget inn i hermetikkindustrien, fortel Johnsen.

– Helvig var nok meir ein oppfinnar og grundar, enn forretningsmann så han sleit med Økonomien. Men han var likevel med og starta i Østervåg 47 – eit bygg som framleis står der. Her var det drift til 1910.

Sjølve bygget levde likevel vidare som hermetikkfabrikk under ulike eigarar fram til midten av 60-talet, fortel han.

– Eg synst det er tragisk når bygg som går tilbake går tapt.

Håper at det som er att blir teke godt vare på

Hanne Windsholt håper at brannen får folk til å innsjå kor viktig det er å ta vare på det som er att av bygg i Stavanger frå denne tida.

– Ser ein på bilete av Stavanger frå 1900 kan ein sjå ein heil pipeskog i området rundt Østre Bydel, som er vekke nå. Når ein tenker på kor lite som faktisk er att av hermetikkfabrikkar, meiner eg at me bør ta vare på det som er att, seier ho.

Ho meiner at ein ikkje lenger bør kunne riva eit hermetikkfabrikk utan at det absolutt er nødvendig. Verksgata 31 var verne, men ifølgje Windsholt finst det fabrikkar som ikkje er verna.

Ho meiner også at det er svært viktig med tilsyn frå brannvesenet i verneverdige bygg.