Hopp til innhold

– Ei stjerne kan fort bli ei byrde

I løpet av det siste året har halvparten av dei norske Michelin-stjerne-restaurantane falle frå. – Det er inga lett verd å skulle prestera perfeksjonisme kvar dag, slår Eyvind Hellstrøm fast.

Eyvind Hellstrøm

Eyvind Hellstrøm var ein av fleire som var skuffa då Oslo var den einaste byen i Norge som var representert med stjernerestaurantar i den Nordiske Michelin-guiden i fjor.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Onsdag klokka 10 blir dei nordiske Michelin-stjernene presentert i København. Dersom det ikkje blir delt ut nye stjerner til norske restaurantar, så vil me stå att med berre to stjernerestaurantar her til lands; Statholdergaarden (1) og Maaemo (2).

Både Fauna og Ylajali bestemde seg for å stenga dørene etter dei hadde fått stjerner. Sist ut var Fauna. Kjøkkensjef Bjørn Svensson fortalde til DN at dei stengde på grunn av konstant frykt for å ikkje lukkast.

Det bles hardt på toppane

Tidlegare Michelin-premierte Eyvind Hellstrøm kjenner godt til presset som ligg på dei som driv restaurantar i toppsjiktet.

– Media hausar fort opp ein stjernerestaurant, og ei stjerne kan fort bli ei byrde. Endå verre blir det med to stjerner, og meisterkokkar med tre har teke livet sitt. Det er ikkje lett å prestere perfeksjonisme kvar dag, seier Hellstrøm til NRK.no.

– Korleis meiner du det står til med norsk gourmet-bransje med berre to stjernerestaurantar?

– Det viktigaste er at me har mange gode restaurantar, som gir publikum gode matopplevingar og trivelege stunder rundt bordet. Det er ikkje spesielt dramatisk at kokkar flyttar litt på seg og søker nye vegar, seier han.

Matbaren Renaa

– Mathuset Renaa i Stavanger treng ikkje ein Michelin-inspektør til å fortelja at dei er gode nok, meiner Eyvind Hellstrøm.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kritisk til Michelin-guiden

Den siste tida har Hellstrøm ved fleire høve uttalt seg kritisk om Michelin-guiden. Han håper likevel at det skal koma fleire stjerner til Norge på onsdag, og han held fast ved at det bør koma stjerne til andre norske byar enn Oslo.

– Når Michelin presenterer ein nordisk guide så må dei nødvendigvis vitja og gi omtale til stader utanfor hovudstadene. Det har ikkje vore tilfellet til nå, seier han.

Han legg forsonande til.

– Det skal også seiast at me har mykje å takka dei for. År etter år reiser dei rundt for å skapa blest om eigen og andre sin gastronomi. At dei kan ta litt feil og gi litt for mange stjerner i Japan og litt for få i Norden skuldast også at det er ei viktig kommersiell side.

Stjerne til Stavanger?

Hellstrøm vil ikkje koma med ei liste over kva restaurantar han meiner bør få stjerne, men legg ikkje skjul på at Re-Naa i Stavanger er ein av dei som har gjort seg fortent.

– Dei har skapt eit mathus med så mage kvalitetar at dei eigentleg ikkje treng ein Michelin-inspektør for å fortelja at dei er gode nok. Dei har verdas beste pizza, den vedunderlege matbaren og den vesle gastronomiske perla Re-Naa. For meg er det som å møta eit kulinarisk hovudkvarter der ein har lyst til å vera heile tida.

  • Les om ekteparet bak Re-Naa her