Hopp til innhold

– Drapet har endra meg

Torunn Ausdal Rasmussen har ikkje hatt juletre i stova sidan dottera, Tina Jørgensen, blei drepen for tolv år sidan. I år skal ho ha tre, og ho har bestemt seg for å gleda seg til julaftan, trass alt det vonde.

Torunn Austdal Rasmussen

MISTA DOTTERA: I år 2000 blei 20 år gamle Tina Jørgensen funnen drepen i ein kumme ved Bore kyrkje i Klepp. Dette snudde livet til mora, Torunn Ausdal Rasmussen, på hovudet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tina Jørgensen

Tina Jørgensen (20) ble funnet drept i 2000. Foto: Politiet/Scanpix

Foto: Politiet

– Eg har både hatt oppturar og nedturar, fortel Torunn Ausdal Rasmussen om dei siste tolv åra av livet sitt.

Det ho har vore gjennom er noko av det verste ei mor kan oppleva.

For tolv år sidan blei dottera hennar, 20 år gamle Tina Jørgensen, funnen drepen i ein kumme. Drapsmannen har aldri blitt tatt.

– Eg har levd med dette i tolv år, og det har nok endra den eg er. Eg er meir bevisst på det eg gjer, og det eg seier, fortel ho.

– Viktig for meg at han blir tatt

På det tolvte året kom ein av «oppturane» Torunn snakkar om.

Onsdag denne veka fekk ho telefon frå politiet, som seier at dei skal gå gjennom den uløyste drapssaka på ny, i lys av tips som har kome inn etter saka var lagt vekk.

– Eg har alltid eit håp om at saka skal bli oppklart. Derfor reagerte eg positivt då politiet kontakta meg, sjølv om det også er ei tøff melding å få nå når det nærmar seg jul.

Ho vågar ikkje å få von, men det ville bety veldig mykje for ho om gjerningsmannen blei tatt.

– Det er veldig viktig for meg at han blir tatt. Då har eg nokon eg kan retta det indre sinnet mitt mot. På den måten kan eg kanskje få ut den sorga eg aldri har fått ut, seier ho.

– Folk meiner dei veit kven drapsmannen er

Ho opplever ofte å bli kontakta av folk som meiner dei har informasjon om saka.

– Seinast i dag var det ein som ringte. Det er sterkt å snakka med folk som meiner dei veit kven drapsmannen er. Det er både sterkt og tungt.

– Men eg torer aldri å tru på dei. Eg vil ikkje håpa på noko før eg høyrer politiet sei til meg at nå er han tatt. Først då kan eg retta sinnet mitt mot den rette.

Ho sette sjølv ein privatetterforskar på saka på eit tidspunkt.

– Dette kom det ikkje mykje ut av, men eg trur politiet vil sjå på nokre av tipsa privatetterforskaren fekk inn.

Håper på ei gledeleg jul

Uavhengig av at politiet skal ta fram Tina Jørgensen-saka ville dette vore ei spesiell jul for Torunn.

Ho hadde nemleg allereie tatt eit val på det tolvte året etter drapet. Eit val ho framleis står inne for.

– I år skal eg gleda meg til jul, og eg håper at dei rundt meg også skal få kjenna på denne gleda, seier ho.

Og for første gong sidan ho mista dottera si, har ho nå eit juletre i stova.

Ho er likevel førebudd på at politiarbeidet som er sett i gang nå ikkje vil leia til noko.

– Kva om dei endå ein gong legg vekk saka?

– Då har eg vore gjennom det før, det blir ein nedtur eg må takla.

I 12 år har moren til Tina Jørgensen levd i uvisshet om hvem som drepte datteren, og hvorfor. I går ble det kjent at politiet igjen skal se på den uløste drapssaken.

►SJÅ VIDEO: Politiet skal sjå på Tina Jørgensen-saka.