Hopp til innhold

– Det hastar med å rassikra vegen

Endå ein gong har det gått eit større ras på riksveg 13 ved Lovraeidet i Suldal. – Me kan ikkje leva med denne vegen stort lenger, seier ordførar Torkel Myklebust.

Ras på RV13

RASFARLEG VEG: Onsdag gjekk det nok eit ras ved Lovraeidet på riksveg 13. Raset er det sjuande som stenger vegen i området på to år.

Foto: Suldalsposten

Heldigvis kom ingen til skade i raset som gjekk ved Lovraeidet i går. Ei steinblokk på tre kubikkmeter raste ned ved Rødsliane og stengde vegen mellom Erfjord og Sand i halvanna time i går.

Steinraset som gjekk i går er det sjuande raset som stenger vegen mellom Erfjord og Sand på to år. Det viser tal NRK har fått frå Statens vegvesen.

– Fare for liv og helse

I 2012 blei vegstrekninga stengt for trafikk fire gonger på grunn av ras. Steinraset i går er det tredje som stenger vegen i år.

Torkel Myklebust

Torkel Myklebust, ordførar i Suldal.

Foto: Privat

Likevel går det nesten dagleg mindre ras som kan få store konsekvensar, ifølgje suldalsorførar Torkel Myklebust.

– Her er det fare for liv og helse. Det kan me ikkje snakka vekk, seier ordføraren.

Han poengterer at vegen blir brukt både til skule- og arbeidsveg for mange, i tillegg til anna trafikk.

– Me kan ikkje leva me denne situasjonen stort lenger, noko må bli gjort, seier Myklebust.

Les også: – Det er tilfeldig at det går godt

Ventar på reguleringsplan

Riksveg 13 mellom Erfjord og Sand har fått omtale i Nasjonal Transportplan (NTP). Likevel er det ikkje sett av pengar spesielt til rassikring.

Statens vegvesen kan ikkje planlegga oppgradering av vegen før den blir skikkeleg omtalt i NTP, eller dei får beskjed om at reguleringsplanen skal bli gjennomført.

– Me ser det er behov for å gjera noko med vegen. Førearbeidet viser at ein lang tunnel er det beste alternativet. Men me må ha på plass ein reguleringsplan for å gå vidare, seier avdelingsdirektør i Vegvesenet, Astrid Eide.

Manglar klar beskjed

Ordførar Myklebust lovar å trykka på for å få på plass ein reguleringsplan for området ved Rødsliane.

– Alle er einige om at me kan gå rett på ein reguleringsplan, men me manglar ein klar beskjed frå departementet, seier han.

– Har Suldal purra på departementet i denne saka?

– Det har me gjort svært mange gonger. I tillegg har me sagt at kommunen skal ta deler av kostnadane med reguleringsplanen.