– Spesielt Thailand har peikt seg ut. Me har gjort fleire store beslag av dopingmiddel og narkotiske tablettar på flyplassane frå folk som kjem der frå. Mange av smuglarane er norske turistar, seier fungerande avdelingssjef i tollregion Vest-Norge Åge Skår.
- Sjå oversikt over tollarane sine beslag her:
- Les òg:
– Blå valium er populært
Om ein samanliknar første halvår i år med same periode i fjor, kan ein sjå ein kraftig auke i beslaglagde narkotiske tablettar. Heile 513.000 tablettar er tatt av tollarane, og det er meir enn ei tredobling på landsbasis.
Av det som har blitt tatt på flyplassane på Vestlandet frå charterturistar, er det spesielt ein type som skil seg ut.
– Når det kjem til narkotiske tablettar ser me mykje av typen blå valium. Thailand har ikkje like gjennomregulerte system for tildeling av denne type tablettar, som me er vande med i Norge og Europa, seier Skår.
Blå valium er ein vanedannande narkotisk tablett, som har ein sløvande effekt.
Dette beslaget av narkotiske tablettar og doping blei gjort på Flesland i Bergen. Tablettane og dopingmidla blei tatt frå turistar som hadde vore i Egypt.
Foto: TollSmuglar også dopingmiddel
Det er ikkje berre narkotiske tablettar som blir tatt frå norske turistar som har vore i varmare strok.
Også dopingmiddel blir det tatt mykje av på flyplassane.
– Dette er stort sett unge norske menn. Dei har testosteron flytande i ampullar, eller som tablettar, i bagasjen, seier Skår.
Her er det ingen land som skil seg klart ut, men ifølgje Skår er det snakk om såkalla «sydendestinasjonar».
Han trur smuglartrenden har samanheng med at fleire nordmenn nå reiser til land der det er enkel og stor tilgang på denne type stoff.