Hopp til innhold

9000 såg kontroversielle karikaturar

Karikaturutstillinga på Sølvberget har vore ein suksess. Utstillinga opna dagen etter det brutale angrepet på Charlie Hebdo, og mange følgde oppmodinga frå arrangørane om å kome og sjå.

Utstilling

Utstillinga 'Ytringsfrihet og avtegning' samla mange.

Foto: Kjersti Hetland

Over 9000 menneske har besøkt utstillinga "Ytringsfrihet og avistegning" på Stavanger Kulturhus Sølvberget.

– Det er eit svært høgt tal for ei slik utstilling, seier kulturhusleiar Marit Egaas i ei pressemelding.

Åpner nytt opplevelsesbibliotek

Kulturhussjef Marit Egaas.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Utstillinga viser karikaturane, og fortel historia til teiknarane som har blitt har blitt truge på livet for sitt arbeid.

Utstillinga opna dagen etter angrepet på det satiriske magasinet Charlie Hebdo, og vart med det svært aktuell.

Styremedlem i Norsk PEN, Ann-Magrit Austenå opna utstillinga, og ho var blant dei som oppmoda folk om å kome på utstillinga.

– Det veldig viktig at menneske nå sluttar opp om dei som vågar dette, dei som på mange vis er ytringsfridomen sin fortropp. Folk bør koma til Stavanger og visa sin solidaritet med satiremagasinet i Paris, sa ho då.

Og no ser det altså ut til at folk har følgt oppmodinga, mellom anna har skulane vist interesse.

–- Skuleelevar frå heile regionen, men mest frå vidaregåande strøyma til. Totalt var rundt 625 skuleelevar innom, seier Egaas.

Utstillinga stengde i går.