Hopp til innhold

Oppretta flyktningmottak på tre dagar

På laurdag fekk Haugesund kommune melding frå UDI om å ta imot 170 flyktningar. I dag landar dei på flyplassen. Andre kommunar må førebu seg på å oppretta akutte mottak i tida som kjem, ifølgje Hero mottak.

Asylsøkere på Storskog grensestasjon

Fleire hundre asylsøkjarar har kommet over Storskog grensekontrollsted utenfor Kirkenes. No skal dei flyttast sørover.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

På laurdag fekk kommunen og Hero Norge, landets største driftsoperatør for asylmottak, beskjed om at dei måtte finna plass til 170 flyktningar i Haugesund. I dag har dei fått alt på plass, og allereie i kveld kjem flyet frå Kirkenes med flyktningane.

Ketil Blinge

Kjetil Blinge er regionssjef for transittmottak i Hero. Han seier at

Foto: Marit Gjellan / NRK

Kapasiteten i Nord-Norge og på Austlandet er nemleg sprengd, og flyktningane vert flydd sørover. No skal UDI byggje brakkelandsbyar ved dei store byane i Sør-Norge.

– Når me får så kort varsel seier det noko om at situasjonen er ganske prekært. Det ordinære mottakssystemet er sprengt på kapasitet. Nå går me inn for raske avtalar med såkalla akutt-innkvartering for å sørgja for at dei som kjem får tak over hovudet og eit mattilbod, seier regionsjef for transittmottak i Hero, Ketil Blinge.

Helsetenesta førebudde på storinnrykk

Etter at Hero og kommunen fekk beskjeden har dei jobba med å finna bustad for flyktningane. Fleire skal innlosjerast i Flotmyrgården leilegheitshotell, skriv Haugesunds avis.

NRK har ikkje lukkast med å få kontakt med kommunen, men dei har vore involverte i planlegginga. Helsetenesta er førebudde på storinnrykket, slik at dei kan stilla opp ved akutte tilfelle.

Ifølgje Hero er det framleis uvisst kven som kjem.

– UDI seier at dei eigentleg ikkje veit kven som skal reisa før flyet er fullt opp. Det sit mange hundre i Kirkenes som treng plassar andre stader. Når dei som skal til Haugesund har kome om bord i flyet får me informasjon om kven dei er, seier Blinge.

Flotmyrgården leilegheitshotell

Her på Flotmyrgården leilegheitshotell skal fleire av flyktningane som i dag kjem til Haugesund bu.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Må førebu seg over alt

– Kan ein forventa at andre kommunar også snart får beskjed om å oppretta akutte mottak?

– Det kan eg heilt klart svara ja på, utan å vita når og kor. Det er absolutt ope for at akutte mottak kan bli etablert over heile landet. I første periode blei dei etablert på Austlandet og nord, men nå kan dei koma i praksis over heile landet, seier han.

Når flyktningane kjem i dag blir dei møtt av bussar på flyplassen på Karmøy. Deretter blir dei frakta inn til dei ulike leilegheitene og fordelte.