Mange omtalar 17. mai som barnas dag, men kor kjekt synes eigentleg barn i dag det er med bunad, norske flag og tog?
- Kva dag likar du best? Stem nedst i artikkelen.
NRK samla saman eit ekspertpanel med fjerde-klassingar frå Smeaheia skole i Sandnes, desse fekk i oppgåve å laga ei topp-ti-liste over dei kjekkaste dagane i året. Talen deira var klar: Nasjonaldagen er ikkje lenger like stas.
– Kjedelig med tog
For å gå i tog i finklede i mai er ikkje like kjekt som til dømes å skremma folk på dørene og få snop ein mørk novemberkveld:
– Det er kjekt å skremma folk, få godteri og sminka seg, seier Kristine Å. Skogland som går i fjerde klasse.
– Men er det ikkje kjekt med 17. mai toget?
– Nei det er kjedelig!
- Les òg:
Når dei samstemde barna blir bedd om å trekka fram positive ting med 17. mai er det andre ting enn iskrem og flag som er stas:
– Det kjekke er at du kan springa ute å leika med sprayboksar og spraya på folk, seier ein av gutane.
- Les òg:
- Les òg:
Derfor hamna ikkje nasjonaldagen heilt nedst på lista deira som blei utarbeidd gjennom diskusjonar og ein demokratisk prosess.
Slik blei topp-ti-lista:
Høyr korleis barna argumenterar:
Skal synga i toget
På toppen av lista ruvar 1. sommarferiedag:
– Den er kjempekjekk! Den elskar eg! Du vaknar og har ei kjempegod kjensle for du har fri i seks veker framover, seier ei av jentene.
Julaftan hamnar på andre plass, medan den nyare tradisjonen med
kjem så høgt på lista som tredjeplass.Smårollingane i 2011sett altså meir pris på 1. sommarferiedag enn julaftan, og synes det er kjekkare med halloween enn 17. mai.
Men ikkje alle amerikanske tradisjonsdagar slår like godt an hos ekspertpanelet. Valentinsdagen er ikkje noko særleg seier dei:
– Æsj, kjem det frå alle.
– Det er kyssedagen, eller kjærleiksdagen, og det likar eg ikkje noko særleg, utdjupar ein av gutane.
- Les meir om
Sjølv om 17. mai ikkje lenger er like stas lovar dei unge at dei skal syngja for full hals i toget i morgon og stemmar alle saman i eit hipp hurra for 17. mai.