Hopp til innhold

Planar om fire nye mottak på Vestlandet

Allereie i desember kan det truleg flytte inn 660 asylsøkarar i mottak i Stryn, Odda, Sauda og Stavanger. Men behovet for mottaksplassar er mykje større, seier UDI.

ASYLMOTTAK

UDI seier det er eit stort behov for nye mottaksplassar. No kan det blir oppretta fire nye mottak på Vestlandet.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

– Det trengst langt fleire mottaksplassar i tida som kjem, seier regiondirektør i UDI, Atle Berge.

For å ta imot den store mengda flyktningar og asylsøkarar, la UDI nyleg ut 1500 mottaksplassar på anbod på Vestlandet.

Fristen gjekk ut 1. oktober. Odda, Stryn, Sauda og Stavanger er dei som har gitt tilbod. Til saman har desse fire gitt tilbod om 660 mottaksplassar.

Atle Berge

Atle Berge er regiondirektør i UDI.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Me hadde eit håp om å få fleire tilbod, sidan behovet er 1500 plassar. Når me berre har fått mindre enn halvparten, så er det klart at det ikkje vil tilfredsstille behovet, seier Berge.

Han trur knapp tidsfrist er årsaka til at dei ikkje har fått fleire tilbod.

– Det er fleire kommunar som har vore i kontakt med oss, men som ikkje rakk å leggja fram eit tilbod innan fristen. Difor går det nok ikkje lang tid før me igjen legg ut mottaksplassar på anbod, seier han.

Håpar på innflytting i desember

UDI skal no vurdere om mottaka i dei fire kommunane som har meldt si interesse oppfyller krava deira, men håpet er at asylsøkarane kan flytte inn allereie i desember.

– Sånn som det ser ut nå så skal tilboda vera kvalifiserte, men det er ikkje heilt avklart per i dag, seier Berge.

Lagt ned i fjor

Stavanger hadde tidlegare eit desentralisert mottak med 200 plassar, men det vart lagt ned i august i fjor.

Men nå kan det altså igjen bli mottak i kommunen, med plass til 180 asylsøkarar.

– Stavanger har jo hatt mottak tidlegare og veit godt kva som trengst når det gjeld kommunale tenester, seier Berge.

Sauda har derimot ikkje hatt mottak tidlegare.

– Der må me nok ha ein tettare dialog med kommunen og dei kommunale tenestene, dersom det blir vedteke å opprette eit mottak der, seier Berge.

hero asylsøknad