Hopp til innhold

Trødde inn til 13. plass

Ho var Norges raskaste kvinne for 30 år sidan. I dag gjekk det tregt.

Tidlegare toppidrettsutøvar, Mona Evjen, fekk prøva seg i NRK Rogaland sin serie Top Pedal. Her kan du sjå korleis ho klarte seg.

SJÅ VIDEO: Her tråkkar Mona Evjen på i NRK Rogaland sin trøbilkonkurranse.

I 1982 sette friidrettsstjerne Mona Evjen noregsrekord på 200 meter. Ein rekord som stod seg i 30 år, fram til 2012. I dag var ho med i NRK Lokalen sin trøbilkonkurranse «Top Pedal».

  • TOP PEDAL: Kvar fredag inviterer NRK Rogaland kjente rogalendingar til trøbilkonkuransen Top Pedal utanfor NRK-lokala på Ullandhaug. Sjå resultatlista og videoane til høgre.

– Det er ingenting i vegen med konkurranseinstinktet, men det er verre med kroppen, sa Evjen før ho starta.

Og det var tydeleg at ho ikkje lenger er Norges raskaste kvinne, med ein treg start. Ho krasja også i bossdunken ho skulle runda, men etter dette tok det seg opp.

Til slutt klarte ho å karre seg til ein 13. plass med tida 41,4 sekund, like bak Idol-Siri.

– Dette er ein debut, så det får berre gå oppover eller nedover frå her, seier Evjen etter løpet, og er langt frå ei slagen kvinne.

At ho så langt er den beste i klassen «Piker 50» er ho glad for.