Hopp til innhold

- Skjerp dykk, Stavanger

Politiet i Stavanger må prioritera etterforsking av menneskehandel mykje høgare enn i dag, seier Odd Kristian Reme (Ap).

Menneskehandel
Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix

I dag arrangerte Trondheim den tredje storbykonferansen mot menneskehandel her i landet.

- Politiet i Stavanger må læra av kollegaene i Trondheim, seier Reme etter konferansen.

Reme trur at dersom lovverket skal bli endra, og dei som vil ha kriminalisering av kjøp av seksuelle tenester får det, så vil det ta minst nokre år.

Trondheim har lykkast

I Trondheim har politiet lykkast i å kampen mot menneskehandel. Aksjonar og uro-patruljar har ført til at Trondheim er mindre attraktiv for internasjonale kriminelle nettverk som organiserer sex-handelen.

- På storbykonferansen sa Trondheimspolitiet at medan ein ventar på nye lovar og reglar, så må ein nytta det lovverket som er, fortel Reme.

- Det kan til dømes vera dei lovane som fins mot prostitusjon for dei som er under 18 år, og andre type verkemiddel, forset han.

Reme er sikker på at Rogaland vil kunne lære av å lytta til erfaringane som Trondheim har.

Justisdepartementet forventar resultat

Statssekretær Anna Rygg Pedersen i Justisdepartementet ga óg klar melding til politidistrikta under storbykonferansen om menneskehandel i dag.

- Det er heilt klart at me vil vera knalltydelege på at dette er eit viktig kriminalitetsområde. Det skal brukast tid på, og me forventar resultat frå politidistrikta, seier ho.