Magasin
Monika Blikås og Inger Fliid Kvaleid - kvinnfolk i båten gir fiskelykke…??(Foto: NRK/ Thomas Hellum)I kveld kastar vi loss og dreg på havfiske! Saman med Bergen havfiskeforening jaktar vi på rekordfangst på hemmelege fiskeplassar, og får vite meir om fiskens imponerande luktesans. Vi testar også ut teiner med lukte-agn og røpar korleis du kan få den etterlengta kveita på kroken!
Publisert 13.03.2006 10:36. Oppdatert 14.03.2006 15:48.
- Skriv ut
For ny forsking viser at kveita går djupare i sjøen og held seg meir i ro enn ein først trudde. Programleiar Monika Blikås har også gode råd å komme med om du skulle bli sjøsjuk… for å seie det sånn: det er fint lite ho hugsar av turen!
Torsken Kåre
Svein Atle Olaussen med dagens rekordtorsk på 18,8 kg. (Foto: NRK/ Thomas Hellum)Etterkvart som vi fekk manøvrert oss fram til dei hemmelege fiskeplassane ved hjelp av GPS, kom konkurranseinstinktet fram i båten. Makrell og akkar vart flittig brukt som agn, og til slutt låg seierstorsken Kåre i båten med sine 18,8 kg! Kanskje det stemmer at fiskelykka veks når nokon ufrivillig må fôre fiskane? I så fall var programleiaren sitt ansvar bevisst!
Fiskens luktesans
Hanne samanliknar fisken og menneskets lukteorgan. (Foto: copyright/ Torgeir Beck Lande)Fisk brukar luktesansen først og fremst til å finne mat og til å finne partnar. I tillegg har luktesansen ein tredje funksjon som kan bety skilnaden mellom liv og død. I Hannes hjørne får du svar på korleis fiskens lukteorgan virkar. Det snodige er at sjølv om fisk og menneske lever i temmeleg ulike miljø, så er lukteorganane våre påfallande like.
Reven luskar…
Rolf-Erik Lyseggen forteller til Kari Toft at han trodde han hadde kjørt i hjel en rev og la den bak i bilen. Etterpå våknet den. (Foto: NRK/ Jørn Nordli)Vi tek nokre avstikkarar oppatt på land i programmet, Kari Toft har møtt ein kar som trudde han hadde køyrt i hel ein rev. Han la den bak i bilen, men så vakna den til liv igjen… Det blir elles både konkurranse og spennande sjåarvideoar, med scener som du mest sannsynleg aldri har sett før!
10 siste Natur
Hva har Lars Monsen i fiskeskrinet?
- Hele saken: Hva har Lars Monsen i fiskeskrinet?
- Les:«Hjemme hos» Lars Monsen
- NETT-TV: Lars Monsens favorittsluker
- NETT-TV: Lars Monsens forhold til mat
- NETT-TV: Lars Monsens leirplass
- NETT-TV: Monsens møte med bjørn
- NETT-TV: Om Lars Monsens tv-serie
- NETT-TV: Valg av overnattingsplass
- NETT-TV: Monsens hund m/bagasje
- NETT-TV: Lars Monsens fisketips
- NETT-TV: Monsens fiskesuppe på bål
- Se bildene:«Hjemme hos» Lars Monsen
Utrygt for østerselskarar
Vi har alltid trudd at østersen er giftfri samtidig med blåskjela. Men den gang ei...
Pris for vindkraft-film
Ut i naturens Per Jarle Heggdalsvik har fått pris for dokumentarfilmen «Englar med skit på vengane».
Cruiser fra fjell til fjell
Åtte av Skandinavias beste frikjørere jakter på puddersnø langs norskekysten.

Uglesensasjon


















Mystisk lysfenomen på himmelen i nord