Hundeslede i vinterland

Snøen skvett under dusraud himmel når spannet susar forbi. 14 halar strekkjer seg forventningsfullt når fartssignalet kjem.
Publisert 24.01.2007 13:46.
- Skriv ut
Bli med på ein eventyrleg hundesledetur i vintervakre Gausdal i Gudbrandsdalen - sjå programmet i nett-tv!
Lurer du på korleis Ut i naturen blir til? Bli med bak kamera under opptaka til programmet!
Eldsjel
Vi er med Trond Ørslien på tur, den unge hundefantasten som byggjer heile livet sitt rundt hundegarden og sledeturane. 24 alaska huskyar er nøye avla fram for å gje det perfekte hundespannet med styrke, uthald, fart og godt lynne.
Kvifor han gjer dette? For den ultimate naturopplevinga og mestringa av naturkreftene.
Barneleik
Hundesledekøyring er ikkje berre for vaksne barskingar – Trond får jamnleg besøk av to gutar i bygda på 6 og 9 år som vil trene.
Mykje har skjedd sidan det første, litt skremmande møtet med dei energiske hundane, og i kveldens program skal gutungane for aller første gang køyre hundespann heilt åleine!

Hundekjørar Trond Ørslien smakar på fersk røye frå bålet. Marcus Kampesveen (9), Gudbrand Thompson Kampesveen (6) og programleiar Monika Blikås ventar på dommen over den nypilka fisken.
Foto: Benjamin Hjort/NRKRøyepilking
Fersk, heilstekt røye pakka i aluminiumsfolie og godgjort nede i glørne på kveldsbålet – høyrest ikkje det heilt greit ut? Vi kom forbi eit islagt, aude vatn på turen, bora hol og slapp uti snøret… resultatet vart ei ny, sanseleg oppleving.
Ulv og rype
Medan programleiar Monika Blikås susar innover Vestfjellet med 14 menneskekjære hundar i spannet, prøvar reporter Hanne Aass å nærme seg hundens skye og lunefulle slektning ulven i Langedrag naturpark.
Kari Toft er ute med fuglehund for å finne ryper og sjekke korleis dei overlever vinteren.

Ulv - NRK Natur
- Beskytter sauene med lamaer
- Krever nye runder om ulv
- Bestandsmålet nådd for ulv
- Østfold sier nei til ulvedrosje
- Ulven stopper ikke turfolk
- Ulver skytes ulovlig i Sverige
- – Vår skyld at ulv dreper hund
- Svensk ja til lisensjakt på ulv
- - Ja takk, sier Frp-byråd
- Truer med erstatningssøksmål
- Filmet ulver under parring
10 siste Natur
Hva har Lars Monsen i fiskeskrinet?
- Hele saken: Hva har Lars Monsen i fiskeskrinet?
- Les:«Hjemme hos» Lars Monsen
- NETT-TV: Lars Monsens favorittsluker
- NETT-TV: Lars Monsens forhold til mat
- NETT-TV: Lars Monsens leirplass
- NETT-TV: Monsens møte med bjørn
- NETT-TV: Om Lars Monsens tv-serie
- NETT-TV: Valg av overnattingsplass
- NETT-TV: Monsens hund m/bagasje
- NETT-TV: Lars Monsens fisketips
- NETT-TV: Monsens fiskesuppe på bål
- Se bildene:«Hjemme hos» Lars Monsen
Utrygt for østerselskarar
Vi har alltid trudd at østersen er giftfri samtidig med blåskjela. Men den gang ei...
Pris for vindkraft-film
Ut i naturens Per Jarle Heggdalsvik har fått pris for dokumentarfilmen «Englar med skit på vengane».
Cruiser fra fjell til fjell
Åtte av Skandinavias beste frikjørere jakter på puddersnø langs norskekysten.

Uglesensasjon


















Mystisk lysfenomen på himmelen i nord