- Gamblar med enorm risiko

Investor Øystein Stray Spetalen langar ut mot investeringane i Oljefondet.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold/SCANPIXØystein Stray Spetalen kom med knallhard kritikk av investeringane i Oljefondet i kveldens Redaksjon EN.
Publisert 11.03.2009 17:52. Oppdatert 11.03.2009 20:54.
- Kommentarer
- Skriv ut

DELTOK: Direktør Yngve Slyngstad i Oljefondet.
Foto: Aas, Erlend/SCANPIX
DELTOK: Finansminister Kristin Halvorsen.
Foto: Aas, Erlend/SCANPIX
DELTOK: Økonomiredaktør Ola Storeng i Aftenposten.
Foto: Aftenposten
DELTOK: Elisabeth Holvik, Sjeføkonom Sparebank1.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn/SCANPIX
DELTOK: Harald Magnus Andreassen, sjeføkonom First Securities.
Foto: Roald, Berit/SCANPIXI dag vart årsrapporten for Statens Pensjonsfond Utland, også kalla Oljefondet, lagt fram. Den viser at oljefondet har tapt 633 milliardar kroner sidan i fjor.
Ein fjerdedel av pensjonane til komande generasjonar er dermed borte, og all oppsamla avkastning sidan 1998 er forsvunne.
Ser i sladdrespegelen
Finansekspertar nøler ikkje med å kritisere regjeringa si handtering av fondet, og i Redaksjon Ein i kveld kom fleire kjende økonomar for å debattere forvaltinga av dei enorme verdiane.
Øystein Spray Spetalen dukka opp til sendinga med friskt engasjement. Han er steinhard i kritikken, og uttaler at investeringane er som å kikke i sladrespegelen og tenkje at dersom det er firefelts motorveg bakover, er det firefelts motorveg framover også.
- Noreg har med sine store oljeressursar vunne i lotto, men vi har gamla med alt for mykje av pengane med alt for stor risiko. Lottogevinstar må ein ta betre vare på, slår investoren fast.
Halvorsen nølte
Direktør for Oljefondet, Yngve Slyngstad svarte innleiingsvis på kvifor ein har investert slik som ein har gjort, men han ynskte ikkje å stille opp i den påfylgjande debatten. Dei største kritikkarane meiner styret i Oljefondet må kastast.
Finansminister Kristin Halvorsen nølte lenge med å takke ja til å delta i sendinga. Helst ville ho sett at ho fekk debattere mot andre politikar, men tok etter kvart mot til seg til å stille opp mot økonomane.
- Folk heime i sofakroken må ikkje tru vi har tapt pengane. Dette er berre papirtal, og på lang sikt vil marknaden snu, seier ho.
Halvorsen har ikkje alltid vore positiv til å plassere pengane til pensjonistane i aksjemarknaden.
Taper på utbygging
Ved sidan av Spetalen stilte økonomiredaktør Ola Storeng frå Aftenposten og sjeføkonomane Elisabeth Holvik frå Sparebank1 og Harald Magnus Andreassen frå First Securities i det økonomiske panelet.
Ikkje alle er like krass i kritikken som Spetalen. Holvik påpeikar det er lett å vere etterpåklok, medan Andreassen meiner investeringane i Oljefondet er fornuftige.
- Situasjonen i finansverda gjer at vi hadde tapt pengar uansett korleis vi hadde investert. Hadde vi putta pengar i veg- og jernbanebygging, ville vi fått lite for pengane, seier han.
Sjå kveldens Redaksjon EN i opptak på nett
(NRK)Oljefondet
- Oljefondet tjente 234 milliarder
- Oljefondet tapte 10,6 milliarder
- Ny, hard kritikk av Oljefondet
- – Meld meg ut av Oljefondet
- Oljefondets penger i atomvåpenfirma
- Oljefondet i minus i 2011
- – Ikke bedre enn greske politikere
- Oljefondet kaster ut to selskaper
- Kritiseres for hemmelighold
- Tapte 284 milliarder kroner
- – Oljefondets mandat må endres
10 siste RedaksjonEN
10 siste fra debattforum
10 SISTE NYHETER
- – Jeg er litt redd og sliten
- Støre fordømmer Syria-massakre
- Anmeldt for bistandssvindel
- Finland: En hel småby vil ha svar
- Svart gull sponser glitterfesten
- NRK-team utsatt for overgrep i Baku
- FN bekrefter: 32 barn drept i Syria
- Opprørerne gir opp fredsplanen
- Takker for ESC-oppmerksomheten
- Knapp ledelse til gresk høyreside

- Gamblar med enorm risiko