OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK toppbanner_puls_mobbing

Her er du: NRK > Programmer > TV > Puls > Mobbing

Oppdatert 27.08.2003 16:30

STOPP MOBBINGEN

GODE LENKER

vintergleder og vinterplager
 

Det vonde kom tilbake

Publisert 26.09.2002 15:42

Han som fortel historia si her, opplevde at barneåra som mobbeoffer øydela den sosiale personen i han. Som vaksen velta gamle røynsler fram og livet rakna.

Uthengd på grunn av far?

"Eg vart fødd og vaks opp i ein heilt vanleg bygd på Sunnmøre. Eg var vel litt storvokst, men slett ikkje feit. Når eg tok til på skulen byrja problema.

Far min var ein profilert mann i bygda. Det er vel truleg at både han og ein del av det han stod for var samtaleemne rundt middagsborda. Dette høyrde sjølvsagt også barna. Sidan dei ikkje kunne 'angripe' han, tok dei det ut på meg.

Eg har ikkje tal på kor mange og til dels stygge og unemnelege namn eg har vorte kalla oppigjennom skuleåra.

Utvikla ein profesjonell person

Utover ungdomsskuleåra fortsette det. No vart eg også både aktivt og passivt avvist av både klassekameratane og resten av elevane ved skulen. Særleg var jentene ille. Dei viste med heile si kroppshaldning og språk at eg var uønska.

På fritida var eg aktiv i kor og korps. I koret vart vi etterkvart ein gjeng som heldt saman, men når eg møtte dei same folka på skulen ville dei ikkje ha noko med meg å gjere.

Eg var aktiv i organisasjonslivet på bedehuset og i andre kristne samanhengar. Det vart min måte å overleve på. Her kunne eg vere saman med menneske som måtte vere saman med meg og som faktisk sette pris på den jobben eg gjorde. Eg utvikla etterkvart ein 'profesjonell' personlighet og prøvde å mure inne og drepe den 'private'. I den profesjonelle verda var eg 'konge'.

Alt kom tilbake

Eg fekk brei kontakt med mange mange mennesker, men berre på det profesjonelle planet. Når det kom til å knyte kontakter, særleg med jenter, var dette HEILT UMULIG. Eg var så van med å verte avvist at eg rekna dette som regelen.

Etter endt utdanning flytta eg til ei bygd der mykje av det sosiale livet er oppbygd rundt fabrikkane og familien. Eg passe ikkje inn i nokon av desse leirane. Det profesjonelle livet førde meg ikkje lenger i kontakt med mange mennesker. Eg vart meir og meir åleine.

Følelsen av å verte avvist og 'usynleg' var sterk og mykje av opplevelsane frå barndommen og ungdommen kom tilbake. I starten prøvde eg å knyte kontakter, men etterkvart som eg vart avvist fekk eg nye erfaringar som stadfesta dei tidlegare. Til slutt gav eg heilt opp.

Øydelegg eit liv

Det toppa seg. Det profesjonelle livet rakna, og eg hadde ikkje noko privat liv å falle tilbake på. Dette måtte berre gå gale. Eg vart sjukmeld og var ikkje tilbake på arbeid før etter over eit år.

Kva vil eg med å fortelle denne historia? Det viktigaste poenget for meg er å formidle langtidsverknadene av mobbing. Eit av hovudproblema mine var at eg vart aktivt mobba i ung alder. Gjennom det lærde eg meg å oppføre meg som eit mobbeoffer. Dermed, sidan eg oppførde meg som eit offer og såg på meg sjølv som eit offer, vart eg etter kvert behandla som eit offer, sjølv om menneska rundt meg kanskje ikkje meinte verken å vere ekle eller å isolere meg.

Eg har sidan eg vart sjukmeld gått i terapi, men tankebanane mine og handlingsmønstra mine er såpass hardt innarbeida at det vil ta svært mange år før eg får 'avprogrammert' akkurat denne delen av meg sjølv, slik at eg igjen kan lære med å leve."

(Historia er noko forkorta)


 
 
SØK

KONTAKT OSS
PULS
FG31
0340 OSLO

10 SISTE MOBBING
18.11.2002 16:50
Ukas dilemma
11.11.2002 07:37
Ukens dilemma
08.11.2002 15:25
Ny mobbe-lov forplikter
04.11.2002 14:19
Ukens dilemma
04.11.2002 11:56
Slik oppdager du mobbing
04.11.2002 11:39
Tro på barnet ditt!
29.10.2002 16:33
- Vær lojal mot barnet!
29.10.2002 16:21
Alt var "feil"
29.10.2002 16:09
Altfor lang vinter

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   04.01.2009 19:28