Programleiar Linda Eide er klar med ein ny forundringspakke, full av opplevingar som du ikkje finn i guideboka.
Iført praktisk reiseantrekk viser ho deg vegen til ukjente godbitar over heile landet.
Frå Austfold i aust, til Finnmark i nord. Heile landet er med når Norsk attraksjon rullar i gong ein fartsfylt og mangfaldig sesong.
Mange overraskingar i vente
I denne tredje sesongen tek Norsk attraksjon nye og dramatiske grep i bruk for å gjenskape mykje av det mest utrulege som har skjedd og finnest i Noreg.
Linda Eide kastar seg ut frå nye høgder, legg ut på ei klaustrofobisk båtferd, utfordrar fobiane sine og slår eit slag for Nord-Europa sitt mest undervurderte instrument.
Vi kan love høg kjendisfaktor kombinert med entusiastiske lokale krefter, olympisk dugnadsånd og ein utanlandstur som vil gje sjåarane hakeslepp.

Opplev det sjølv
Ein ting er å sitje i sofaen og sjå på Norsk attraksjon. Noko heilt anna er det å reise ut og oppleve godbitane sjølv. Det er då du verkeleg merkar kor mykje vidunderleg dette landet har å by på.
På attraksjonskartet finn du opplevingar frå alle sesongane med Norsk attraksjon.
Vil du få kuldesjokk i Karasjok sjølv, få øyrene blåst ut av tåkeluren på Lindesnes eller dra dit dei fann den falske runesteinen? Eit enkelt trykk på kartet er alt som skal til for å finne fram til di favorittoppleving.
Herfrå kan du klikke deg vidare til video av attraksjonane eller artiklar vi har skrive om dei.
God tur!
