10.02.2012

Nisse heile året

Gollis, sett frå sjøen (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

Gollis er verdas største nisse. Året rundt skuer han utover fjorden frå skogholtet sitt.

Plastgiganten frå Lyngseidet i Troms er ni meter høg.

I alle år har han vore til begeistring og frustrasjon for sambygdingene.

Her finn du Gollis i dag

Han har blitt flytta fleire gonger, frå kommunehuset og på ferjekaien. Ein periode lå han jamvel til lagring.

- Aldri noko smått

Linda Eide med skiltet for Norsk attraksjon foran Gollis (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

Linda vert ganske lita foran Gollis.

Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK

Ideen til Gollis vart fødd då nokre lyngsværinger samla seg for å smake på julebrygget. Dei ville lage noko som fekk fleire folk til å reise til Lyngen, dei vart einige om å bygge ein julenisse.

- Og når vi lyngsværinger lagar noko, så er det aldri noko smått. Nissen måtte vere så stor at han kom i Guiness rekordbok, fortel Werner Kiil, ordførar i Lyngen.

Sesongnisse, nei takk!

Nokon nissar kjem på julaften. Andre nissar børster støvet av skjegget allereie i oktober, til årvisse sukk og stønn.

Plastgiganten Gollis frå Lyngseidet er ikkje som andre nissar. Han er plass året rundt!

Nett-tv: Gollis, plastgiganten frå Lyngen

Neste sending: Norsk attraksjon

Flere sendinger

Kontakt

E-post: norskattraksjon@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.