01.08.2010

Noregs raskaste klestørk

Dag Smestad, tørkestativet hans og skiltet til Norsk Attraksjon på Nesbyen. (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

Dag Smestad på Nesbyen har funne den perfekte plassen til tørkestativet sitt.

Familien Smestad bur på Nesbyen, som er kjend for å vere ein varm og tørr plass. Her vart det sett norsk varmerekord i juni 1970.

- Då vi kjøpte huset i 1980, visste vi at det var her på eigedomen rekordtemperaturen vart målt, men ikkje nøyaktig kvar målestasjonen hadde stått. Så la eg merke til nokre jernrør som stakk opp av bakken og spurde naboen. Han kunne bekrefte at det var restane etter målestasjonen. Eg tenkte at vi måtte utnytte det, fortel Dag Smestad.

Nett-tv: varmerekorden på Nesbyen!

Akkurat der den gamle målestasjonen stod, har familien satt opp tørkestativet sitt.

- No har vi Norges raskaste klestørk, smiler Dag.

Vêrstasjon og skiltet til Norsk Attraksjon. (Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK)

Det var i denne vêrstasjonen rekordtemperaturen vart målt i 1970. No står han på museum, men vart lånt for at rekonstruksjonen skulle vere truverdig.

Foto: Kristin Helgeland Hauge/NRK

Speilegg

Du kan trygt kalle 20. juni 1970 ein varm dag. Sola steika. Kvikksølvet kraup mot 35 grader. Sveitten rann og lufta dirra.

- Eg jobba på gartneriet nede i sentrum. På asfalten utafor bensinstasjonen var det nokon som knekte eit egg. Det stivna på eit augeblikk, hugsar Dag.

- Men det var ingen som åt det, legg han til.

Rekorden står

Rekorden som vart sett 20. juni 1970, dagen dei speila egg på asfalten i Nesbyen, står framleis. 35,6 grader er den varmaste temperaturen som er målt i Norge nokon gong.

Og rekorden virkar umogleg å slå. Dei siste ti åra er det Nesbyen sjølv som har vore nærast.

Ein heit dag i august 2003, bikka gradestokken såvidt 33 grader, men var aldri i nærleiken av det magiske talet 35,6.

Heller ikkje i sommaren 2007 var temperaturane noko å skrive heim om. Den høgaste temperaturen i fjor vart målt på Notodden. 10. juni var det 32,1 grader på Notodden flyplass.

Vêrrekorder frå Meteorologisk institutt

Sjå Norsk attraksjon program 1

Sjå Norsk attraksjon program 2

Kart

Varmerekorden på Nesbyen

Kilde: Google Maps

Neste sending: Norsk attraksjon

Flere sendinger

Kontakt

E-post: norskattraksjon@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.