Samina Bruket

- Eg gler meg til å få oppleva vinter-Norge saman med dykk, seier den yngste programleiaren i Norge Rundts historie.
Publisert 19.11.2009 09:56.
- Skriv ut
Den nye programleiaren kjem frå Stavanger. Ho har mor frå Vaksdal i Hordaland og far frå Punjab-provinsen i Pakistan. Samina er 24 år, og etter godt dektektivarbeid i Norge Rundt redaksjonen er det slått fast at ho er yngste Norge Rundt-programleiar nokon gong.
- Tenk det, av 184 er eg yngst! Kanskje nokon meiner eg er for ung, men eg skal gjer mitt for å motbevisa det, seier Samina lurt.
Urøynd programleiar
Samina arbeider til vanleg i NRK Rogaland, der ho har vore sidan januar i år. Ho kom til distriktsredaksjonen som ein del av praksistida ved Nynorsk mediesenter i Førde. Samina trivst godt på jobb i Rogaland, men vart svært glad då ho fekk tilbod om å leie eitt av dei mest populære programma gjennom tidene.
- Eg blei hoppande glad, og var ikkje eitt sekund i tvil om at dette ville eg gjere. Tenk for ei fantastisk oppleving. Alt eg får sjå, læra og ikkje minst dela saman med hundretusenar av sjåarar!
Samina kjem til Norge Rundt med minimal erfaring framføre kamera. Ho har laga tv-saker, men har som oftast berre hatt ei hand og ein mikrofon i biletet. Ho trur difor det blir ei utfordring å ta programleiar-rolla.
- Men her vil eg få god øving på å bli trygg foran kamera, og det av eit profesjonelt lag som absolutt kan det å ta imot nykommarar. I dag har me filma til mi første sending, og det gav verkeleg meirsmak.
- Fisk kan vere skummelt
På fritida er ho aktiv. På måndagar syng ho i kor saman med tretti andre damer i eit bydelskor. Ho har ein friluftsinteressert mann som gjerne inviterer ho med på kanoutflukt eller fisking. Får dei fisk er det helst han som må sløya, om det skal skje på skikkelege måten.

Samina kikker etter fisk. Staden er øya Aga ved Bømlo.
Foto: Eirik Aga Framnes
- Jo, eg klarar det sjølv. Men eg er nok ein av få som sløyar fisken utan å ta i innvolane med hendene, eg brukar berre knivspissen. Noko anna blir for skummelt!
Tilbake i tid
Du kan forventa Norge Rundt-program som viser at Samina er glad i historie. Ho var faktisk på god veg til å bli lærar, før ho endra kurs etter å ha fullført ein bachelorgrad i historie.
- Frå eg var lita har eg likt å høyra og lesa om ”gamle dagar”. Publikum kan nok forventa ein entusiastisk programleiar som i fleire program vil ta dei tilbake i tid.
Ellers så gler ho seg til å sjå meir av det langstrakte landet.
- Eg har ikkje vore lenger nord enn til Trondheim, så det skal blir ei stor oppleving.
20. november er første programmet kor Samina er programleiar.
- Eg får debutera med ny vignett og oppfriska musikk. Det er sjølvsagt ekstra stas. Sjå Norge Rundt!

Lenker
20 siste Norge rundt
- 10.02.2012 (program nr 1458)
- 03.02.2012 (program nr 1457)
- 27.01.2012 (program nr 1456)
- 20.01.2012 (program nr 1455)
- 13.01.2012 (program nr 1454)
- 06.01.2012 (program nr 1453)
- 24.12.2011 (program nr 1451)
- 23.12.2011 (program nr 1450)
- 16.12.2011 (program nr 1449)
- 09.12.2011 (program nr 1448)
- 02.12.2011 (program nr 1447)
- 25.11.2011 (program nr 1446)
- Anne-Bente Skjellum
- 18.11.2011 (program nr 1445)
- 11.11.2011 (program nr 1444)
- 04.11.2011 (program nr 1443)
- 28.10.2011 (program nr 1442)
- 21.10.2011 (program nr 1441)
- 14.10.2011 (program nr 1440)
- 07.10.2011 (program nr 1439)
Neste sending: Norge rundt
Norge Rundt
NRK1, mandag 13.2. kl. 14.35 | Legg i kalender[?]Distriktenes magasin. Programleder: Anne-Bente Skjellum.
Nett-TV
Kontakt
E-post: norge.rundt@nrk.no
Telefon: 55275740
Norge Rundt, NRK Hordaland, 5020 Bergen
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Kaos på setra
Alt går ikke som planlagt når Norge Rundt teamet reiser til seters på opptak. Bare se her.
Programlederne
- Hele saken: Tidligere programledere
- Programledere i Norge Rundt 1976-1980
- Programledere i Norge Rundt 1981-1985
- Programledere i Norge Rundt 1986-1990
- Programledere i Norge Rundt 1991-1995
- Programledere i Norge Rundt 1996-2000
- Programledere i Norge Rundt 2001-2005
- Programledere i Norge Rundt 2006-2010
20 siste Norge rundt
- 10.02.2012 (program nr 1458)
- 03.02.2012 (program nr 1457)
- 27.01.2012 (program nr 1456)
- 20.01.2012 (program nr 1455)
- 13.01.2012 (program nr 1454)
- 06.01.2012 (program nr 1453)
- 24.12.2011 (program nr 1451)
- 23.12.2011 (program nr 1450)
- 16.12.2011 (program nr 1449)
- 09.12.2011 (program nr 1448)
- 02.12.2011 (program nr 1447)
- 25.11.2011 (program nr 1446)
- Anne-Bente Skjellum
- 18.11.2011 (program nr 1445)
- 11.11.2011 (program nr 1444)
- 04.11.2011 (program nr 1443)
- 28.10.2011 (program nr 1442)
- 21.10.2011 (program nr 1441)
- 14.10.2011 (program nr 1440)
- 07.10.2011 (program nr 1439)







Programledere i Norge Rundt 2011- 2015