02.08.2014
Newton, 24.november 2002, NRK1 kl.18:30

Frå kakaofrukt til sjokolade

Sjokolade blir laga av kakaobønner. Men det skulle ein ikkje tru når ein smakar på ei sånn bønne. Den smakar nemleg skikkeleg bittert og ekkelt. Før ein får ein god sjokolade må bønnene gjennom masse rart!

Eit spesielt tre

I regnskogane i Sør Amerika veks det eit veldig spesielt tre; nemleg kakaotreet. Kakaotreet sitt latinske namn er Theobroma cacao. Det tyder føde for gudar. Det flotte namnet tyder på at dei søramerikanske indianarane sette stor pris på treet. I Sør Amerika veks treet vilt, men nokre smartingar tok med seg treet til det nordvestlege Afrika og planta det der. Der trivst det og ganske bra. Det meste av sjokoladen vi får kjøpt i Norge kjem faktisk frå afrikanske kakaotre.

Kakaofrukt

Rett ut frå stammen av kakaotreet veks det kakaofrukt. Det tar heile 4 månader for frukta å bli moden. Først blir frukta grøn, så rød og til sist gul. Då er den klar for å haustast.

Moden kakaofrukt.Moden kakaofrukt.

Når kakaobøndene ser ei gul frukt skjer dei den ned med ein lang kniv. Nede på bakken blir frukta opna – for det er inni frukta vi finn det som skal bli sjokolade. Inni kvar frukt er det ca. 40 frø som ligg inni ei kvit klissete masse som blir kalla fruktkjøt. Det er desse frøa som blir kalla kakaobønner.

Gjæring og tørking

Men sjølv om ein har opna frukta og funne bønnene er det langt igjen til det blir sjokolade av dei. No må kakaobønnene gjærast. Det er veldig viktig for å få ein god sjokoladesmak.

KakaobønneKakaobønne

Gjæringa skjer ved at ein dekker bønnene med blad i fem til seks dagar. Etter gjæringa har det meste av fruktkjøtet rundt bønnene forsvunne, og bønnene har skifta farge frå kvit til brun. No byrjar kakaobønnene å smake sjokolade. Etter gjæringa må ein reinse bønnene for stein, og så må bønnene tørke. Smaken blir aller best viss bønnene tørkar i sola. Ein legg bønnene utover på bakken eller på store bord, og så lar ein sola gjere resten av jobben. Tørkinga varer i 8-10 dagar. No blir bønnene pakka i sekkar og sendt til kakaofabrikkar i Europa.

Kakaomasse

Når bønnene kjem fram til kakaofabrikkane blir dei varma og rista i 120-140 grader varm luft i omtrent ein time. Etter ristinga fjernar ein skalet på bønnene, og så valsar ein bønnene til eit fint pulver. Etterpå varmast pulveret opp, og då smeltar kakaosmøret og pulveret blir til ei flytande masse som kallast kakaomasse. No byrjar vi å nærme oss sjokolade! For no blir nemleg kakaomassen lasta opp på store tankbilar som køyrer rundt til sjokoladefabrikkane.

Der tilset dei mjølkepulver, sukker og masse godsaker til kakaomassen…. Og så kan du endeleg gå på butikken og kjøpe deg ein god sjokolade! Nam nam!

Nam! godisar på sjokoladefabrikkenNam! godisar på sjokoladefabrikken

Hilsen Unni Eikeseth !

Newton, 24.november 2002, NRK1 kl.18:30