Eg dykkar til eit skipsvrak
Per Olav under vatn. Foto: NRKDenne kjensla trur eg det er mange som får første gongen dei dykkar. Vanlegvis er dette ei verd ein ikkje ser. Det einaste ein ser, er overflata når ein går i fjøra, eller når ein er i båt. Men plutseleg fekk eg vera med ned i djupet og sjå på livet der på kort avstand.
Publisert 07.10.2005 15:48. Oppdatert 10.10.2005 12:03.
- Skriv ut
Dei første dykka mine utførde eg i Afrika. Der gjekk eg på dykkarkurs. Det er mykje rart utstyr ein brukar i dykking som eg aldri hadde sett før, og alt dette måtte eg læra meg å bruke. Så bar det ut i sjøen.
Annleis i Afrika
I Afrika er temperaturen ein heilt annan enn her i Noreg. Difor var det nesten 30 grader celsius i sjøen. Dermed trong eg berre ei våtdrakt for å halde meg varm. Ei våtdrakt er ei drakt som slepper inn vatn, så det blir eit tynt vasslag mellom drakta og kroppen din. Dette vatnet blir varma opp av kroppen. Det geniale med drakta er at ho ikkje slepper dette vatnet ut igjen. Dermed har ein vatn som held same temperatur som kroppen inntil han heile tida.
Nytt kurs i Noreg
Per Olav og Torgrim på tur ned til KNM Torp. Foto: NRKFor å dykke her i Noreg, der vatnet er mykje kaldare, treng ein anna type utstyr. I staden for ei våtdrakt dykkar ein som oftast med noko ein kallar tørrdrakt. Ho held kroppen både tørr og varm. Men ho er litt meir vanskeleg å dykke med. Difor måtte eg på eit nytt kurs her heime.
På kurset var det ulike oppgåver vi måtte gjera for å klare kurset. For å flyte rundt i vatnet slepper ein luft inn i drakta. Dette kan vera litt vanskeleg å kontrollere. Men med ein god lærar og litt trening gjekk det greitt.
Så med ny kunnskap er eg no klar til å dykke i Noreg.
Krigsskip på havbotnen
Torgrim har oppdaga KNM Torp på botnen. Foto: NRKUtanfor Kristiansund ligg det eit marinefarty som sokk i ein stor storm i 1992. Heldigvis var det ingen om bord då skipet sokk, så det var ingen som døydde. Dette vraket ligg på mellom 10 og 30 meter og er dermed perfekt å dykke ned til. Ned dit skal Torgrim og eg. Torgrim er ein erfaren dykkar som har dykka fleire hundre gonger. Eg har aldri dykka ned til eit vrak før, så det blir veldig spennande.
Eg lurer på kva vi får sjå der nede, og om det går an å symje inn i skipet?
Suksess eller havari
Her kan du se hvordan det gikk med den norskbygde miljøbilen i Shell Eco Marathon.














