NRK2 - 5. mai kl. 20:05
BBC-journalisten Mark Daly sin film "The Secret Policeman" har vekt kraftig debatt i England. I filmen blir Daly opptatt som politiaspirant, og jobbar fleire månader i politiet, utstyrt med skjult kamera under vesten. Han avslørte grove rasistiske haldningar blant kollegaene.
Er dette ein akseptabel arbeidsmetode?
WALLRAFFING
I dag startar Nordiske TV-dagar i Bergen. Ein tre dagars festival, der både nasjonale og internasjonale tema blir tatt opp.
Eit av hovudnamna, som du får møta i mediemenerne i kveld, er Mark Daly frå BBC.
I "The secret policeman" får vi sjå opptak av Daly sine medelevar som kjem med stygge utfall mot innvandrarar i England. Etter endt politiutdanning får vi sjå ein av dei som skryt av at han har forskjellsbehandla ein asiat og ein engelskmann etter nøyaktig same lovbrot. Haldningane dei unge politimennene legg for dagen i filmen er rein rasisme
Men gir det Mark Daly rett til å lura til seg informasjonen under falske føresetnader? Er Daly helt eller forrædar? Kor alvorlege skal sakene vera før ein bør ta ibruk denne metoden, som er kalla Wallraffing, etter tyskaren Günther Wallraff? Det skal vi diskutera i Mediemenerne i kveld.
IDOL

Med ein gjennomsnittleg auke på 200 000 sjåarar frå i fjor til i år, kan "Idol" trygt kallast eit fenomen. Men kva er det ved dette programmet som får folk til å benka seg i hopetal og avisene til å gå av hengslene? Eller har dei ikkje det? Ei høgst uoffisiell oppteljing viser 5020 Idol-oppslag, med stort og smått i norske aviser frå januar til no.
Vil vi ha alt det?
Vi byr også på eit kort møte med Stefano Tealdi, produsenten av den omstridde dokumentarfilmen "Citizen Berlusconi".
Sjå mediemenerne klokka 20.05 på NRK2.