NRK2 20. april kl. 20:05
ALVORLEG LOVBROT
I Vær Varsom-plakaten står det følgjande om bruk av skjult kamera:
3.10.Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal bare brukes i unntakstilfeller
Forutsetningen må være at dette er eneste mulighet til å avdekke forhold av vesentlig samfunnsmessig betydning.”
Brennpunkt-redaktør Morten møller Warmedal meiner vilkåra er oppfylte. Han understrekar at Brennpunkt prøvde alle opne metodar før dei bestemte seg for å utstyra infiltratørar med skjult kamera.
Trass i at ulvejakt er eit lovbrot med ei strafferamme på inntil seks års fengsel, har fleire reagert sterkt på Brennpunkt sine metodar.
Kommentator Erling Kjekstad i Nationen meiner Brennpunkt går altfor langt.
- Ulvejegrane blir framtsilte som pedofile, og Brennpunkt dramatiserer i langt sterkare grad enn det saka fortener.
Kjekstad meiner Brennpunkt i altfor stor grad ser saka frå ulvevennene si side, og at programmet ikkje tar ulvemotstandarane sine argument på alvor.
DRAMATURGI
I mediemenerne skal vi og snakka generelt om måten TV-dokumentarar brukar verkemiddel på. Både TV2 og NRK har fleire gonger måtta tola kritikk for å bruka for sterke verkemiddel. Ved hjelp av musikk, sakte film, sladda ansikt, svart/kvitt-bilder og andre effektar, blir historiane gjort sterkare enn dei er, hevdar kritikarane.
Ein av dei er Per Nordanger, forlagssjef i Spartacus Forlag. Etter Brennpunkt sin dokumentar om Atle Brynestad og Porsgrunds Porselen i januar, gav han både programmet og sjangeren generelt det glatte lag i ein artikkel i Morgenbladet.
- Verkemidla i dokumentarane er ei endelaus rekke av sjølvhøgtidelege klisjear, som ligg faretruande nær parodien, seier han.
Brennpunkt-redaktøren tar kritikken med knusande ro, og undrar seg over at kritikarane går laus på formen i staden for innhaldet.
Sjå mediemenerne klokka 20.05 på NRK2