Mediemenerne 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Mediemenerne
SJÅ MEDIEMENERNE PÅ NETT
 
 
NRK2 - 21.april kl. 20:05

HAR RØKKE KRAV PÅ PRIVATLIV?

Heime hos-reportasjen er ein kjend og velprøvd sjanger i norsk presse. Men i påsken lanserte Se og Hør ein ny type heime hos-reportasje, som har vekt oppsikt: ein reportasje der den dei var heime hos ikkje var heime sjølv. Og slett ikkje hadde invitert til besøk. Det dreier som kjent om bilete tatt inne i luksushytta til Kjell Inge Røkke på Oppdal.

Publisert 21.04.2004 17:38. Oppdatert 21.04.2004 17:39.

METODEN

Det vi veit er at folk som hadde tilgang til hytta, truleg handverkarar, tok bileta og selde dei vidare til Se og Hør for eit ukjent beløp. Røkke likte det naturleg nok dårleg, og mange andre har også reagert.

Ein av dei er generalsekretæren i Norsk Presseforbund.
- Dette er invasjon i privatlivet, og er klart utanfor grensene av kva som er akseptabelt, meiner Kokkvold. Også kultur-og medieminister Valgerd Svarstad Haugland reagerer:
- Ingen av oss har noko med kva slags luksus Røkke omgir seg med på hytta. Dette har ikkje offentleg interesse, og slike oppslag er med på å uthola pressefridomen, seier statsråden til mediemenerne. Ho meiner at både dette og fleire oppslag i kjendispressa den siste tida bør få presseorganisasjonane til å ta ein ny gjennomgang av dei etiske reglane.

VIKTIG

Men sjefredaktør i Se og Hør, Odd Johan Nelvik ser annleis på det. - Røkke er ein offentleg person som må tola meir enn andre. Han har dessutan selt unna luksus for store beløp, og har hatt finansielle problem den siste tida. Difor er det av stor interesse å dokumentera kva hyttepalasset hans er verd. Og for å kunna gjera ei skikkeleg verdivurdering, må vi på innsida.

Spørsmålet er om også kjendisar som Røkke har krav på eit privatliv? Kor langt kan media tillata seg å gå i å skildra privatlivet til kjende menneske? Er oppslaget frå Røkke-palasset eit viktig innspel i samfunnsdebatten?

Mediemenerne klokka 20.05 på NRK2






 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no