Mediemenerne 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Mediemenerne
SJÅ MEDIEMENERNE PÅ NETT
 
 
NRK2 - 31.mars kl. 20:05

BØR PORNOSLADDEN BORT?

Når pornofilmar frå kabel- og parabolkanalar blir vist på norske skjermar, skjer det med ein svart firkant på skjermen. Kringastingslova slår fast at det er forbudt å senda program med pornografi som er i strid med norsk lov. I pornoblad er det distributøren Interpress som har ansvar for at ulovlege bilder ikkje kjem ut i butikkhyllene. Dermed blir bildene sladda. Men kva er straffbar pornografi?

Publisert 31.03.2004 17:49. Oppdatert 31.03.2004 17:52.
På dette området er lovverket meir forvirrande enn oppklarande. I straffelova § 204, står det følgjande:

"Med pornografi menes i denne paragrafen kjønnslige skildringer som virker støtende eller på annen måte er egnet til å virke menneskelig nedverdigende eller forrående, herunder kjønnslige skildringer hvor det gjøres bruk av barn, lik, dyr, vold og tvang. Med barn menes personer som er eller fremstår som under 18 år. Som pornografi regnes ikke kjønnslige skildringer som må anses forsvarlige ut fra et kunstnerisk, vitenskapelig, informativt eller lignende formål."

Melde seg sjølv

Tidlegare redaktør for Aktuell Rapport Stein-Erik Mattsson ville provosera fram ein ny grenseoppgang for kva som er straffbar pornografi. Sommaren 2002 delte han ut ei gratis spesialutgåve av Aktuell Rapport, og melde seg sjølv til politiet. Han blei også meld av SV-representanten Lena Jensen på Stortinget. I bladet trykte Mattsson usladda bilder av ulike par som hadde sex, m.a. heterofile, homofile, lesbiske og eldre. Mattsson meiner bildene ikkje er i strid med norsk lov, og ville få saka prøvd for retten. Nyleg fekk han medhald av fleirtalet i Oslo Tingrett. Saka er anka til lagmannsretten.

Kva er støtande?

Men kva er det som er eigna til å virka støtande? Ytringsfrihetskommisjonen anbefalte regjeringa å fjerna pornosladden, mens regjeringa likevel går inn for å behalda den svarte firkanten.

Tar vi anstøt av å sjå vaksne, samtykkande menneske ha sex? Er sladden eit hyklerisk forsøk på å verna folk mot noko dei kan få tak i uansett? Bør politikarane trekka ei tydelegare grense for kva som er straffbart? Eller bør sladden fjernast, slik at folk sjølv kan velja kva dei vil sjå?
Nei, meiner Geir Magnus Nyborg, generalsekretær i Famile og Medier, tidlegare Kristelig Kringkastingslag. Han supplerer det vanlege mediemener-panelet i kveld, og vil kjempa for å behalda pornosladden. Medan resten av panelet ser meir liberalt på saka.

Erotikk på radio

Ane Dahl Torp: Fra denne munnen vil vi få høre nyskapende og omstridt radio
I tillegg ser vi nærare på NRK Petre's nyskapning "Boogie", som har vekt sterke reaksjonar siste veka. Det dreier seg om korte erotiske høyrespel, der den uttalte målsetjinga er å få lyttarane til å onanera.
Er det noko å hissa seg opp over?

Den som stiller fjernsynet inn på NRK2 klokka 20.05 får svar.



 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no