Mediemenerne 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Mediemenerne
SJÅ MEDIEMENERNE PÅ NETT
 
 
NRK2 - 24. mars kl. 20:05

Kampanjejournalistikk i Mehmet-saka?

Seks år gamle Mehmet frå Oslo lir av den dødelege sjukdommen talassemi, men han kan ikkje få behandling med mindre politikarane gir dispensasjon frå bioteknologilova. Den massive mediedekninga har lagt eit stort press på politikarane våre. Er dette reinspikka kampanjejournalistikk?

Publisert 24.03.2004 16:02. Oppdatert 24.03.2004 17:59.
- Det er ei sterk menneskeleg skjebne som reiser store prinsipielle spørsmål, men eg synest ikkje det er kampanjejournlistikk , seier VG-journalist, Kjetil Stormark, til Mediemenerne.

Må ha dispensasjon

Stamceller frå eit anna menneske kan redda Mehmet, og ekspertane trur cellene han treng finst hos ein ny bror eller søster. Men foreldra til Mehmet har genfeil, og må ha dispensasjon frå bioteknologilova for å få den prøverørsbehandlinga som kan sikra Mehmet ein frisk bror eller søster - og dermed ein donor. Helseministeren har avslått å gi ein slik dispensasjon, men SV ønskjer nå å oppretta ein uavhengig komité som kan behandla slike dispensasjonssøknader. Dette får truleg fleirtal på Stortinget.

- Media har gjort jobben sin

Stormark meiner Mehmet-saka er eit godt eksempel på at media har gjort jobben sin. - Det er vår rolle å løfta enkeltskjebner opp og setja søkelyset på personar som ikkje blir godt nok behandla. Det er jo ein tendens at personar blir dårleg behandla inntil media set søkelyset på ei sak – og så skjer det eit temposkifte, seier Stormark, som også er leiar for SKUP - Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse.

Er Mehmet-saka ekspempel på kampanjejournalistikk? Kan saka vera planta av motstandarar av bioteknologilova? Mistar media blikket for heilheita i jakta på enkeltskjebner? Er det ikkje mediene sin jobb å visa konsekvensane av eit lovverk?


Journalister ukritiske til kvarandre



Over 500 journalistar frå heile landet inntok i helga Tønsberg og den årlege SKUP-konferansen, for mellom anna å diskutera om journalistar er kritiske nok til kvarandre og andre medier. I Vær Varsom-plakaten, journalistane sine sjølpålagde kjørereglar, heiter det at det er pressa si plikt å setja eit kritisk søkelys på korleis mediene sjøl fyller samfunnsrolla si.

Redd for å såra kolleger

- Det blir betrakta som å skita i eige reir å skriva om kolleger i andre mediebedrifter, seier mediejournalist Bjørn Eckblad i Dagens Næringsliv. Etter Børs-redaksjonen i avisa har i årevis drive mediekritisk journalistikk. Men Eckblad meiner det er altfor lite av dette i andre medier.

Hans Hjellemo, ansvarleg redaktør i Kampanje, er einig, men seier at problemet ikkje bare er kollegiale omsyn journalistar imellom. - Det er vel så mykje dei eigarmessige forholda som gjer den kritiske journalistikken vanskeleg på dette området. Det er lett å bli mistenkt for å gå andres ærend dersom ein jobbar i mediebedrifter som er eigd av enten Orkla, A-pressen eller Schibsted, , meiner Hjellemo.

Er journalistane for feige som ikkje vågar å kritisera kvarandre meir? Er det viktig med meir mediekritisk journalistikk? Avisjournalistar kritiserer tv-program. Men kven kritiserer avisjournalistane? Mediebedriftene sjøl er ofte meir lukka enn andre kjelder. Korfor lever ein ikkje som ein lærer?

Sjå Mediemenerne i kveld, klokka 20.05 på NRK2.


 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no