NRK2 - 10. mars kl. 20:05
Denne veka blei ein mann dømt til seks månaders fengsel for å ha trua ein VG-journalist på livet. Det kriminelle miljøet er blitt hardare, og alvorlege truslar er blitt ein del av kvardagen for mange journalistar.
Frode Sætran, mangeårig krimjournalist i Aftenposten, fortel at han er blitt trua fire gonger. Han har hatt nynazistar heime på døra, og fått anonyme telefonar frå medlemmer i A- og B-gjengen. - Ein gong oppsøkte dei redaksjonen, og beskjeden var klar: Om eg ikkje slutta å skriva om dei, skulle eg takast, og det skulle smella, fortel Sætran.
Trass i at han opplevde det som svært ubehageleg, valde han den gongen å ikkje melda truslane til politiet. - Det er fleire år sidan dette hende, og eg visste at truslar var ein del av omgangstonen internt i miljøet. Difor rekna eg ikkje med at dei ville gjera alvor av truslane, noko dei heller ikkje gjorde, seier Sætran til mediemenerne. Men han understrekar at han ville reagert heilt annleis om han hadde fått truslane i dag. - Miljøet har hardna såpass til at dersom dei same personane hadde trua meg i dag, ville eg vore langt meir bekymra, og gått til politiet.
For to år sidan gjorde Opinion ei undersøking på oppdrag av Stiftelsen for en kritisk og undersøkende presse, SKUP, som viste at fire av ti journalistar hadde opplevd truslar i samband med jobben. Og problemet med truslar har auka kraftig dei siste åra seier leiaren i Politiets Fellesforbund Arne Johannesen. - Både mediefolk, politifolk og dommarar opplever fleire truslar og meir alvorlege truslar enn før. Truslane kjem vanlegvis frå velorganiserte kriminelle, som MC-miljøet, høgreekstreme miljø og gjengmiljøet. I mange tilfelle er det store økonomiske interesser som står på spel, og difor blir alle middel tekne i bruk, seier Johannesen.
Kor lenge er folk villige til å risikere livet for jobben sin? Kva gjer slike truslar med journalistikken? Er truslane ein fare for pressefridomen? Bør journalistar gå til politiet med alle truslar? Kor stor er faren for at media blir politiets forlenga arm i slike saker? Kva bør arbeidsgivarane gjera for å sikra at journalistar som arbeider med tøffe miljø får levelege arbeidsvilkår? Desse spørsmåla tar vi opp i mediemenerne i kveld.
IDENTIFISERING
I tillegg skal vi diskutera kvifor media har så ulik praksis for identifisering av gjerningsmenn og offer i kriminalsaker. Tragedien der ei kvinne blei drepen av eksmannen i eit parkeringshus i Bergen, er eit tydeleg eksempel på det. Då gjerningsmannen var på rømmen sende politiet ut ei etterlysing med namn og bilete, som blei brukt i dei fleste store nettavisene. Bergensavisen trykte også biletet i ei ekstrautgåve som kom same dag som drapet skjedde. Men etter pågripinga har avisene følgt vidt ulik praksis. VG har anonymisert både offer og gjerningsmann, Dagbladet og Bergens Tidende har identifisert offeret, medan Bergensavisen framleis brukar namn og bilete både på offer og gjerningsmann. - Når identiteten alt var kjent gjennom etterlysinga, såg vi ingen grunn til å trekka identifiseringa tilbake, seier sjefredaktør Olav Terje Bergo i Bergensavisen.
I journalistane sin Bibel, Vær Varsom-plakaten står dette:
§ 4.7 Vær varsom med bruk av navn og bilde og andre klare identifikasjonstegn i kriminal- og rettsreportasje. Vis særlig omtanke ved omtale av saker som er under etterforskning, og i saker som gjelder unge lovovertredere. Avstå fra identifikasjon når dette ikke er nødvendig for å tilfredsstille berettigede informasjonskrav.
Burde Bergensavisen anonymisert av omsyn til dei etterlatne? Kvifor er det lågare terskel for å identifisera offeret enn gjerningsmannen? Og kvifor er praksisen så ulik? Er dei presseetiske reglane for vage? Sjå mediemenerne i kveld, og gjer deg opp di eiga meining.
Mediemenerne, klokka 20.05 på NRK2