Mediemenerne 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Mediemenerne
SJÅ MEDIEMENERNE PÅ NETT
 
 
NRK2 - 25. februar kl 20:05

NETTAVISENE GÅR FRAM - PAPIRAVISENE TILBAKE

Vi brukar stadig mindre tid på dei gode gamle papiravisene her i landet. Stadig fleire brukar nettavisene for å halda seg oppdatert om kva som skjer. Kva følgjer får det for framtida?

Publisert 25.02.2004 18:20. Oppdatert 25.02.2004 18:21.
Før 1995, fanst det ingen aviser på nettet her i landet. Men så - ein marsdag for 9 år sidan, kunne folk i Brønnøysund, som dei første i landet, klikka seg inn og få lokale nyheter på PC’en. Eit par dagar etter Brønnøysund Avis kom Dagbladet, og så dei andre i tur og orden. I dag har dei aller fleste aviser, små og store, eigne nettutgåver. Den største er VG.nett, som i fjor hadde eit snitt på 586 000 treff dagleg. På dei to neste plassene følgjer Dagbladet.no og Aftenposten.no.

Det er framleis menn som brukar nettavisene mest, men det er i ferd med å snu. Elles finn vi dei ivrigaste nettbrukarane blant dei med høg utdanning. Og dei yngre brukar meir tid på nettet enn dei eldre. Men tendensen er klar: Felles for alle dei store nettavisene, er at dei opplevde ein auke i trafikken på rundt 30 prosent i fjor, samanlikna med året før. Mens papiravisene, samla sett, hadde ein nedgang i opplaget på 1,4 prosent.

Til no har nettet vore mediet for kjappe , overflatiske nyheter. Men treng det vera slik? Det skal mediemenerne snakka om i dag. Me skal og diskutera kva nettet har gjort med journalistikken - og kva som må til for at nettavisene skal bli lønsame.

Mediemenerne, klokka 20.05 på NRK2



 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no