Snublar du over ei ulukke, ein full kjendis eller eit rart dyr, kan du bli rik. Eller du kan vinna ein splitter ny mobiltelefon med kamera. Om du sender bildet til Dagbladet eller VG.
 |
| Fra VG |
Gjennom store annonser lokkar avisene oss lesarar til å senda inn våre bilete. - Vi ønsker flest mogleg tips, og etter at vi gjekk ut med denne kampanjen har tipsmengda auka kraftig, seier nyhetsredakør i VG, Hans Christian Vadseth. - På denne måten får avisa tak i bilete og nyheiter vi elles ikkje ville fått.
Men ikkje alle i VG-huset er glade for dette. Fotograf Terje Bringedal, som er leiar i Pressefotografenes Klubb meiner bruken av MMS-foto er svært betenkeleg. Han trur kjendisar no går tøffe tider i møte. - Det er klart at dette vil skapa paparazzi-tilstandar, spesielt på sein kveldstid, seier Bringedal.
- VG kan ikkje garantera for oppførselen til folk, men vi kan garantera at ingen bilete havnar på trykk før vi har sjekka at dei er ekte, seier redaktør Vadseth. Men i følgje Bringedal er biletkvaliteten på MMS-foto så dårleg at det er vanskeleg å oppdaga om dei er ekte eller manipulerte. - Før eller seinare kjem ei av avisene til å bli lurte, seier han.
Er det amatøranes inntogsmarsj i pressa vi ser? Gjer avisene oss til ein nasjon med overvakarar? Blir presse-etikken ofra for å vinna nyhetskrigen?
I mediemenerne kan du også høyra Are Kalvø fortelja solskinshistoria om tipsaren "Arne".
Alt saman klokka 20.05 på NRK2