Mediemenerne 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Mediemenerne
SJÅ MEDIEMENERNE PÅ NETT
 
 
Myten om norske medier:

Opptatt av kongestoff og uvesentleg sladder

Kor godt stemmer mytene? Denne veka lanserte VG si nye offisielle kjendisliste. Kvar månad skal vi no få talfesta kven som er dei mest omtalte personane i norske medier.

Publisert 04.02.2004 18:21. Oppdatert 04.02.2004 18:23.
På lista for januar månad tronar Kjell Magne Bondevik øvst, med Kronprinsparet på 2. og 3.plass. Den internasjonale lista er toppa av George W Bush, med Saddam Hussein og Michael Jackson på dei to neste plassene.
- Det norske folk er ekstremt opptekne av det dei ser, les og høyrer. Difor vil vi gi lesarane ei vitskapeleg oversikt over dei mest omtalte personane, seier Espen Olsen Langfeldt, avdelingsleiar for Rampelys-redaksjonen i VG. Han er overraska over at politikarane scorar så høgt, og meiner lista torpederer ein del av mytene om media.
- Lista viser at vi skriv langt meir om politikk enn om filmstjerner og TV-kjendisar, seier han.

Men spørsmålet er om kjendislista i seg sjølv er eit uttrykk for kjendis-fokusering? Vil ei slik liste føra til auka personfokusering i nyhetsbildet?

Mangel på kvinner og kultur

Kjendisista viser også svært liten breidde, det er dei same folka som går igjen i dei fleste medier. Sørgeleg få av dei er kvinner. På den norske 10 på topp-lista er Kronprinsesse Mette-Marit og dottera Ingrid Alexandra dei einaste. Medan Britney Spears åleine representerer kvinnesida på den internasjonale.

Fokuseringa på idrett og kongestoff er ekstrem. Ser vi på dei 100 mest omtalte namna, viser det seg at heile 56 av dei tilhøyrer idrettsutøvarar. Berre 4 kjem frå kulturfeltet: Kurt Nilsen, Michael Jackson, Britney Spears og Diana Ross. Er folk verkeleg så opptekne av sport?
- Leif Ove Andsnes ville nok aldri kome på kjendislista, med mindre han gjorde noko gale, seier Espen Olsen Langfeldt.
Kvifor må kunstnarar og artistar gifta seg i fylla eller hoppa til køys med småungar for å få oppmerksomhet, medan skiløparar kan nøya seg med å gå fort på ski?

Sjå mediemenerne i kveld klokka 20.05 på NRK2


 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no