NRK2 - 28.januar kl. 20.05
Den får du i kveldens utgåve av mediemenerne.
Mandag denne veka pryda ei smilande Kjertsi Grini framsida i Dagbladet. Over eit to-siders oppslag inni avisa fortalde ho om korleis ho blei kvitt giktsmertene sine med kosttilskotet Nutrilenk. Oppslaget var, ikkje uventa, resultat av eit særs vellukka PR-framstøt.
Dagbladet blei tipsa om saka av PR-byrået Schjærven PR. Deira oppdragsgivar var Mezina AS, som produserer Nutrilenk. Schjærven PR får vita at overlege Øystein Førre på Rikshospitalet har anbefalt kosttilskotet til alle landets legar. Slitasjegikt er noko 400 000 nordmenn er plaga med, og overlegen meiner verknaden av kosttilskotet er godt dokumentert. - Aha, tenkte Stig Fossum i Schjærven PR, her har vi ein nyhet. Han fekk dessutan greie på at handballstjerna Kjersti Grini var ei av dei som hadde prøvd preparatet, med godt resultat. Dagbladet blei tilbydd saka eksklusivt, og slo til.
- Vi sjekka på vanleg måte at alle kjeldene er uten bindingar til produsenten, og meiner dette er ein god og viktig nyhet, seier nyhetsredaktør Eivind Ljøstad i Dagbladet.
Han understrekar at saka gjeld eit helseproblem som 400 000 nordmenn slit med. - Og når kjendisen Kjersti Grini vil stå fram med si historie er det opplagt ei god sak for oss.
Er dette ein god nyhet eller rein produktreklame? Betyr det noko at eit produkt får gratisreklame, så lenge folk kan få hjelp med giktplagene sine, og Dagbladet attpåtil sel aviser? Og er det verre å reklamera for kosttilskot enn for bøker, plater og bilar?
 |
| Ole Christian Apeland i Apeland Informasjon |
Ole Christian Apeland i Apeland Informasjon meiner avisoppslaget er verd fleire millionar kroner for produsenten. Han seier oppslaget er eit godt døme på korleis PR-bransjen jobbar. - Det handlar om å legga stoffet til rette på ein måte som gjer det enkelt og interessant for journalisten. Eit anna stjerneeksempel er fotballstjerna Pele sin mykje omtalte norgesturne, der han snakka om ereksjonsproblem. Den gongen var det firmaet Pfitzer, som produserer Viagra, som stod bak. Apeland seier omfanget av saker som kjem frå PR-folk er stort. - Utanom ulukker og idrettsnyheter, er dei fleste saker som hamnar i media bearbeidde av profesjonelle kjelder.
Men betyr det noko om PR-folka leverer råvarene, så lenge kokkane er journalistar og redaktørar?
Mediemenerne kan også by på highlights frå prinsessedekninga. 20.05 på NRK