Mediemenerne 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Mediemenerne
SJÅ MEDIEMENERNE PÅ NETT
 
 
NRK2 21.januar 20:05

Reporter eller redningsmann?

Etter at lasteskipet "Rocknes" kantra utanfor Bergen mandag, er det TV2 sine billete dei fleste hugsar.

Publisert 21.01.2004 19:13. Oppdatert 21.01.2004 19:43.
Reporter Sturla Dyregrov gjekk heilt inntil havaristen, banka på skipssida med eit blylodd, og fekk svar frå innsida. Innslaget har vekt sterke reaksjonar, både frå journalistkolleger og bergingsmannskap.
- Heilt uakseptabelt, seier Leif Linde, som leia dykkarane frå Bergen Brannvesen. - Mediefolk har ingen føresetnader for å forstå heilheten i ein stor bergingsaksjon, og bør halda seg på trygg avstand. Nyhetsredaktør Kjell Øvre-Helland i TV2 ser det annleis. - Reporteren reagerte sunt, både menneskeleg og journalistisk. Han var mellom dei første som kom til ulukkesstaden, og tilkalla redningsfolk så fort han fekk svar. Han fekk vist at det var levande menneske i skipet, og gjekk ikkje i vegen for nokon, seier Øvre-Helland. Han meiner TV2 var med på å berga liv den skjebnesvangre kvelden.

Var dette eit overtramp av TV2? Eller var det ei journalistisk bragd å dokumentera at det var liv inne i havaristen? Er det eit problem at reporteren blir aktør i si eiga sak?

Dette skal mediemenerne diskutera i kveld. I tillegg har vi besøkt den nye Kanal 24, som stadig taper terreng i forhold til erkerivalen P4. På dagens lyttarmåling går kanal 24 tilbake frå 9 til 7 prosent oppslutnad, medan P4 går fram frå 26 til 27 prosent. Svarer ikkje den nye kanalen til forventningane? Hjelper det at dei no har avliva og begravd den mykje omtala gjennomsnittslyttaren, kvinna på 32?

I tillegg får du høyra at kulturministeren no vil skaffa seg større armslag til å straffa kommersielle kanalar som bryt med konsesjonsvilkåra. I eit nytt lovforslag tar ho til orde for å innføra dagbøter, om kanalane ikkje held det dei lovar.

mediemenerne har sesongpremiere klokka 20.05 på NRK2


 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no