ut|fall (tyd. 3 frå ty.)
1 rask rørsle ut frå ein sjølv mot noko fektaren gjorde små u-
2 åtak; skarp kritikk kome med (harde) u- mot planen, mot dei styrande
3 resultat, utgang, slutt u-et av drøftingane, valet / krisa fekk eit lykkeleg u-
Are Kalvø
(f. 1969) på Stranda på Sunnmøre. Lever av å påtvinge andre menneske fordommane sine, som programleiar i NRK P2s satiriske vekeoppsummering "Hallo i uken", som spaltist i Dagsavisen og Bergens Tidende, som radiokåsør, som komikar, og som forfattar av bøkene "Absolutt Oslo", "Store nordmenn", "Kunsten å vere neger", "Men fjernkontrollen min får du aldri", "Harry", "Bibelen 2" (Saman med Steffen Kverneland) og "Syden".
Ein dag skal Kalvø bli noko stort.
Linda Eide
f. under ei noko likegyldig stjerne ei frostnatt i februar 1969. Dagleg mediekommunikatør i verdas varmaste medium - RADIOEN! Der har ho vore i tretten år, og i dei siste av desse har ho vore i sjølvaste "Norgesglasset" på NRK-P1. Eide driv dessutan kommenterande spaltisme i Bergens Tidende og Dag og Tid, og vert aldri innstilt til nordisk råds litteraturpris for bøkene "Då gamlemor baka seg i hel" og "Kvardagstraume i utval".
Finn Tokvam
Sogning som blei født naken i januar det året me sa nei til EF. Har sidan midten av 90-talet vore trygda av NRK i større eller mindre grad. Dei siste åra som frilansjournalist med base i Bergen. Finn er mannen bak Radio Røynda - verdas einaste nynorske realityradioserie på radio, og programleiar i musikkprogrammet Pils på NRK P1. Og når Linda Eide skriv bøker som ikke får nordisk råds litteraturpris, hender det at Finn Tokvam overtek sendetida hennar i "Norgesglasset".
Per Inge Torkelsen
født 1953, klovn med radiotryne og stumfilmstemme. Far til fire og mann til ei. Skriver altfor mange bøker, holder foredrag om humorens betydning for verdensfreden, skribent i Stavanger Aftenblad, kåsør i Norgesglasset, aktiv i revygruppa Løgnaslaget, eneste gjenlevende medlem av Venstre (og sterilisert), samler av legning (leketøy, tegneserier, etc.), initiativtaker til Norsk Barnemuseum, tryllekunstner og på bedringens rand. Aktiv idrettshater og passiv pensjonistmorder. Per Inge vil aldri bli noe stort